Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En kvinne i en sykehusseng

Pasientens helseteneste

Pasientens helseteneste er eit omgrep du i framtida kjem til å høyre ofte.

​Det er namnet på ein omfattande og mangslungen prosess som skal definere korleis spesialisthelsetenesta blir i tiåra som kjem.

I Helse Førde har vi starta utviklingsprogrammet «Pasientens helseteneste». Programmet omfattar måten du som pasient får høve til å påverke behandlinga du skal få, måten vi organiserer, byggjer, innreiar og utstyrer sjukehusa våre på og måten helsepersonellet arbeider på. Programmet er det hittil største i føretaket, og utviklingsarbeidet vil pågå i mange år framover.

Positiv utvikling

Styret i Helse Førde har vedteke den overordna planen for korleis programmet skal gjennomførast. Målet er at innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal oppleve ei klart positiv utvikling av sjukehustenestene i fylket.

To store og overordna planarbeid er utførte, og skal setje Helse Førde i stand til å gjennomføre dei  ambisiøse planane.

Utviklingsplanen for verksemda tek føre seg korleis vi må bygge organisasjonen og organisere arbeidet fagleg, for å skape pasientens helseteneste i fylket vårt. Verksemdsmessig utviklingsplan skildrar den samla verksemda i føretaket på eit overordna nivå, kva utfordringar vi ser i åra framover og kva utvikling som må til i Helse Førde for å møte desse.

Bygging

Den andre planen tek føre seg korleis den bygningsmessige utbygginga i føretaket skal vere for å stette krava til pasientens helseteneste. Dei neste 15 åra skal føretaket investere i underkant av to milliardar kroner i oppgradering, ombygging og nybygging ved Førde sentralsjukehus. Målet er å få ein bygningsmasse som legg til rette for å drive i tråd med intensjonane i pasientens helseteneste.

Les meir om Nye Førde sjukehus

Arbeidet med å setje planane ut i livet vil påverke heile Helse Førde i ei årrekke framover. Arbeidet blir organisert som eige program med ei rekke prosjekt og underprosjekt og skal gjennomførast parallellt med den ordinære drifta.

 

​​

 

Sist oppdatert 12.09.2023