Helse Førde HF har eit føretakshovudverneombod (FHVO) frikjøpt i 100 % stilling. Føretakshovudverneombodet har det koordinerande ansvar for vernetenesta.
Kvar klinikk har hovudverneombod (HVO), Kirurgisk klinikk-Medisinsk klinikk-Psykisk helsevern og Stab/støtte. Dei er frikjøpt i 20 % stilling i vervet. Dei har koordineringsansvar i sitt område.
Det er ca. 60 verneombod i føretaket. Verneområda er inndelt etter organisasjonstrukturen i Helse Førde.
Verneomboda sine oppgåver er omtalt i Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter og i føretaket si HMS-handbok.
Føretaket er i stadig endring og utvikling, og verneomboda må vere i stand til å møte dei endringane som kjem. For betre å kunne møte desse endringane og for heile tida kunne fokusere på å utvide og styrkje vernetenesta har vi ein eigen strategi. Den synleggjer korleis vi ønskjer å arbeide, kva mål og verdiar vi har.
Kontakt
Hovudverneombod:
Berit M. Johanssen Hornnes
telefon 416 46 779 - e-post
Meir om vernetenesta
Verneombodsarbeid - slik kan det gjerast.pdf
Helse Vest Strategi verneomboda.pdf
Helse Vest - verneombodet ditt.pdf