Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde

04. Organisering og leiing

Helse Førde har over tid hatt ei stabil organisering på overordna nivå. Som andre organisasjonar har vi også likevel behov for kontinuerleg vurdering og justering utfrå behov og føringar.

En bygning med glassfront
Førde sentralsjukehus

Spesialisthelsetenesta er inne i ei tid med stor endringsfart og mange nye moglegheiter og krav. Føretaket og alle medarbeidarane står overfor store omstillingar i åra framover, og det er viktig å vurdere om organisasjonen er rigga på ein tenleg måte for å møte endringane.

Det vil vere behov for leiarar og medarbeidarar som er endringsorienterte. Vi må heile tida vurdere korleis vi skal gje pasientane hjelp på best mogleg måte, gitt dei medisinske og teknologiske moglegheitene som opnar seg. Omstilling og kontinuerleg forbetring er stikkord for å få dette til.

Utfordringar og moglegheiter

Gjennom organsasjons- og utviklingsprosjekt, til dømes i pasientens helseteneste, arbeider vi kontinuerleg med å modernisere drifta. Målet er at vi skal jobbe meir på tvers, dele meir på rom og utstyr, og gje pasientane eit endå meir tverrfagleg og koordinert tilbod. Helse Førde treng å rekruttere og utvikle leiarar og medarbeidarar som kan handtere drifta og samstundes planlegge for framtida. Vi skal saman legge grunnlaget for eit godt arbeidsmiljø der kvar einskild medarbeidar er ein viktig del av heilskapen. Godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta er ein grunnpilar i dette utviklingsarbeidet.

Mål

Vidareutvikle organisasjonen og leiinga si evne til å levere spesialisthelsetenester av god kvalitet på ein effektiv måte under kontinuerlege endringar.

 

Tiltak

  • Bygge leiarkultur for framtida ved å satse på leiaropplæring og leiarfellesskap.

  • Auke organisasjonen si evne til omstilling gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid og tenesteutvikling på alle nivå.

  • Gjennomføre teneste- og organisasjonsutviklingsprosjekt i Pasientens helseteneste for å tilpasse framtidig drift til behov og føringar.

  • Forbetre arbeidsrutinar og nytte digitale løysingar for å få til smidigare samarbeid internt i sjukehuset, mellom sjukehus, kommune og avtalespesialistar til det beste for pasienten.

  • Styrke internkommunikasjon gjennom leiarane, intranett og andre kanalar.

  • Stab- og støttefunksjonar kan med rett kompetanse og organisering støtte linja i å møte framtidige behov og krav.

  • Samanlikne Helse Førde med andre føretak, mellom anna for å realisere gevinstar og for å finne beste praksis tilpassa rammene i Helse Førde.

  • Følgje opp dei fem risikoområda for å minske risiko (styringsmål 2021):
    - legemiddelområdet
    - vald og truslar mot medarbeidarar
    - uønskt variasjon - radiologi og ortopedi
    - IKT og informasjonstryggleik
    - ekstern turnover av medarbeidarar

Slik skal vi måle at vi er på rett veg

  • Gjennomført leiaropplæring og leiarsamlingar.

  • Dei fem risikoområda vert følgt opp med rapportering. 

  • Kompetansestyrking innan forbetringsområdet.

  • Handlingsplanar med endringsfokus.

  • Tydelege mål for endringsprosessar.

  • Leiinga sin årlege gjennomgang - herunder vurdering av organisering.

    Sist oppdatert 02.07.2024