Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde

03. Oppgåvedeling og samhandling

Helse Førde har mange behandlingsstadar, som til saman skal gje eit samla, likeverdig og koordinert tilbod til pasientane. Det er etablert arbeidsdeling mellom sentralsjukehuset i Førde og lokalsjukehusa.

En statue av en hjort foran en bygning med et fjell i bakgrunnen
Lærdal sjukehus

Føretaket har ansvar for eit stort areal, og det er mykje transport og pasientflyt mellom lokasjonane her, og mot Helse Bergen, som er vårt universitets-/traumesjukehus.

Det kan vere ei utfordring å sikre rett balanse mellom nære tenester og ein desentralisert struktur, og å sikre robuste fagmiljø med 24/7 tenester. Det vert kontinuerleg arbeidd med å desentralisere det vi kan, samstundes er det nokre tenester som må sentraliserast. 

Helsefellesskap for å utvikle helsetenestene saman

Etablering av helsefellesskap mellom kommunane, helseføretaket, fastlegane og brukarane er eitt av dei nasjonale grepa for å sikre samanhengande helse- og omsorgstenester. Behovet for samordning er definert som spesielt viktig for dei fire prioriterte pasientgruppene: Skrøpelige eldre, barn og unge, personar med fleire kroniske lidingar og personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane har hatt eit godt samarbeid over mange år, som no vert vidareført i helsefellesskapet.

Mål

  • Bidra i samarbeidet med kommunane om å utvikle ei meir einskapleg helseteneste som koordinerer behandlinga og tilbyr tenestene på beste effektive omsorgsnivå.

  • Legge til rette for deltaking i helsefellesskapet frå fastlegar og brukarrepresentantar.

  • Gjere vårt for å skape kultur for felles planlegging og kompetansestyrking mellom sjukehusa og primærhelsetenesta.

 

Tiltak for å nå måla

  • Bidra i arbeidet med å etablere og utvikle helsefellesskap mellom Helse Førde og kommunane.

  • Samarbeide med kommunane om å etablere fagnettverk for dei fire prioriterte pasientgruppene: Skrøpelige eldre, barn og unge, personar med fleire kroniske lidingar og personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem.

  • Samarbeide om revisjon av avtalane mellom Helse Førde og kommunane, og gjere dei meir kjent og forankra i eigen organisasjon.

  • Samarbeide om tiltak innan rekruttering og kompetanseutvikling.

  • Jobbe for at vi i større grad nyttar samhandlingsavvik som grunnlag for læring og justering i fellesskap. Ta i bruk felles digitalt system for avviksmelding, melde.no når dette er klart.

  • Gjennomføre attståande tiltak i prehospital plan, og formalisere samarbeidet i akuttmedisinsk samhandlingsforum for å vidareutvikle samhandlinga om akuttmedisinske tenester.

  • Samarbeide med kommunane om å gjere tydelege tiltak innan førebygging og folkehelse, mellom anna ved betre informasjon om eksisterande tiltak til pårørande og brukarar.

  • Vidareutvikle intern organisering som bidrar til god koordinering på tvers, og støttar opp om samarbeidet med primærhelsetenesta.

  • Vidareutvikle og styrke føretaket som "sjukehus i team" for god koordinering mellom lokal-, sentral- og regionssjukehusa.

  • Vidareutvikle lokalsjukehusfunksjonane og invitere kommunane med.

  • Bidra i samarbeidet mellom Helse Førde, kommunane, utdannings- og forskingsmiljøet og næringslivet om forsking- og innovasjonsprosjekt i helsesektoren. 

Slik skal vi måle at vi er på rett veg

  • Helsefellesskap er formelt etablert mellom Helse Førde og kommunane i opptaksområdet og avtaleverket er revidert.

  • Samarbeidet om å lære av samhandlingsavvik er styrka.

  • Inn- og utskrivingsrutinar er gjennomgått og vidareutvikla.

  • Etablert felles innsats for dei fire prioriterte pasientgruppene, mellom anna gjennom kompetansebygging.

  • Samhandlingsforum for akuttmedisinske tenester fungerer som forum for å diskutere og vidareutvikle dette området.

  • Sjukehus i nettverk; det er god kapasitetsutnytting ved alle lokasjonane.

  • Pasientforløpa mellom Helse Førde og Helse Bergen/HUS som regionssjukehus er godt koordinerte, til dømes innan krava til pakkeforløp kreft.

  • Etablert samarbeid om kompetanseutvikling og forsking/innovasjon, mellom anna gjennom campusutvikling.

    Sist oppdatert 27.06.2024