Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde
01. Pasientens helseteneste
Teknologi og digitale løysingar gjer det mogleg å flytte større delar av helsehjelpa dit pasienten er - ikkje omvendt. Fleire får tilbod om konsultasjonar via video heimefrå og slepp lang reiseveg. Målingar kan bli utført medan pasienten er heime og sendt direkte til sjukehuset.

Pasientane kan ved hjelp av nye løysingar også få oppleve auka grad av medverknad og meistring.
Bruk av ny teknologi og digitale løysingar er ein føresetnad for å skape pasienten si helseteneste, men krev fleksibilitet og evne til omstilling.
Brukarmedverknad er livsviktig
Vi ønskjer å skape pasientens helseteneste. Spørsmålet "Kva er viktig for deg?" skal vere førande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Alle innsatsområda i utviklingsplanen har som overordna mål å realisere pasientens helseteneste på ein bærekraftig måte.
Det viktigaste Helse Førde må jobbe med er forbetringskultur og samhandling.
PASIENTANE
Mål
-
Pasientane er aktive deltakarar i helsehjelpa dei mottek. Både pasient og pårørande blir sett og høyrt - og vi nyttar eit språk dei forstår.
-
Innbyggarane kan kommunisere med tenestene digitalt.
-
Brukarane medverkar i utforming av tenestene gjennom deltaking i brukarutval og i utviklingsprosjekt.
-
Pasientane opplever samanhengande tenester på tvers av sjukehus og kommunar, og møter i større grad spesialisthelsetenesta heime hos seg sjølv.
Tiltak for å nå måla
-
Bruke tilgjengelege metodar for å ta avgjerder saman med pasienten (samtalar, god kommunikasjon, samval). Satsingane med mellom anna innsyn i pasientjournalane og digital dialog med behandlar, er sentrale.
-
I utviklingsarbeidet planlegg vi for at personale, areal og utstyr vert organisert med utgangspunkt i pasientane sine behov, til dømes at pasientane som hovudregel får einerom og at dei vert møtt av tverrfaglege team i behandlinga.
-
Legge til rette for større grad av brukarstyring og sjølvbetjening, mellom anna i poliklinikkane.
-
Nytte tilbakemeldingar frå brukarane meir systematisk til læring og forbetring.
-
Tilby fleire og betre måtar for kontakt og dialog med sjukehuset.
-
Arbeide for større grad av gjenbruk av pasientinformasjon, slik at pasientane slepp gjenta opplysningar.
-
Oppnå måltala kvart år om kor stor del av pasientbehandlinga som skal vere digital.
-
Auke tilbodet av pasientbehandling heime hos pasienten eller nærare heimen.
-
Organisere akutt- og mottakstenesta på best mogleg måte for å gje pasientane raskare og meir presis diagnostisering.
Slik skal vi måle at vi er på rett veg
-
Betre pasientrapporterte opplevingar og nytte.
-
Gode tilbakemelding frå pasientar og pårørande på utforming av nytt sjukehus i Førde.
-
Gode tilbakemeldingar frå brukarutval og ungdomsråd på involvering i utviklingsarbeid.
-
Meir digital pasientbehandling.
-
Færre reiser for pasientar, målt ved utgifter til Pasientreiser.
-
Vurdert korleis vi skal utvikle heimesjukehus for barn og andre prioriterte grupper.