Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To personar som ser på ein mobiltelefon

Utviklingsplan for Helse Førde

Å utvikle pasienten si helseteneste er det viktigaste vi gjer. Det skal prege alle aktivitetane i føretaket, anten det gjeld pasientbehandling, forsking, opplæring eller utdanning. Utviklingsplan 2022–2035 peikar retning for kva vi må gjere for å sikre befolkninga i vår region eit godt sjukehustilbod framover.

Gjennom retningsvala i utviklingsplanen er målet er å planlegge for rett kompetanse, nye arbeidsformer og riktige bygg og utstyr. 

Kvart fjerde år reviderer vi vår utviklingsplan. Utviklingsplan 2022–2035 vart vedtatt i styremøte 28. januar 2022.

Mange av dei utviklingsområda som vart peika på i 2018 er vidareført i planen frå 2022. 

Her kan du lese utviklingsplanen frå 2018 som revisjonen i 2022 baserer seg på. 

 

I Nasjonal helse- og samhandlingsplan legg regjeringa fram sin politikk for å ruste den samla helse- og omsorgstenesta for framtida. Planar, mål og strategiar i Helse Vest skal bidra til å realisere vår felles helseteneste og gi føringar til dei fire føretaka i Helse Vest; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger.

Helse Vest sine planar gir retning for korleis vi skal løyse samfunnsoppdraget og utvikle spesialisthelsetenestene her på Vestlandet.  

Utkast til revidert utviklingsplan vart sendt på høyring 8. desember 2021 med høyringsfrist 17. januar 2022.

Her kan du lese dei eksterne høyringssvara



Innsatsområda 

Utviklingsplanen til Helse Førde legg særleg vekt på dei viktigaste endringane framover. Vi har valt ut ti innsatsområde.Under kvart innsatsområde finn du våre mål og korleis Helse Førde vil møte dei framtidige utfordringane. Klikk på lenkene nedanfor for å lese meir om dei ulike innsatsområda.

Sist oppdatert 02.07.2024