Helse Førde fram mot 2035
Kvart fjerde år reviderer vi vår utviklingsplan. Planen skal svare på korleis vi skal løyse framtidas behov for helsetenester. Målet er å planlegge for rett kompetanse, nye arbeidsformer og riktige bygg og utstyr. Utviklingsplan 2035 vart vedtatt i styremøte 28. januar 2022.
Denne gongen er utviklingsplanen heildigital, det vil seie ei eiga nettside:
Utviklingsplan Helse Førde 2035
Revidering av utviklingsplanen frå 2018
Det har skjedd ein del på desse fire åra, og mange av dei utviklingsområda som vart peika på i 2018 er vi godt i gang med. For å ha kontinuitet i utviklingsarbeidet er innsatsområde i store trekk vidareført i den nye planen, men er oppdatert og justert for nye føringar.
Her kan du lese utviklingsplanen frå 2018 som denne revisjonen baserer seg på.
Nasjonale og regionale føringar
Helse Førde sin plan er sendt til Helse Vest som skal sjå han i samanheng med tilsvarande planar frå dei andre helseføretaka i regionen. Helse Vest skriv deretter ein samla utviklingsplan for regionen som igjen dannar grunnlag for fornying av Nasjonal helse – og sjukehusplan. Den nye regjeringa har varsla at dei framover vil kalle dette ein helse- og samhandlingsplan. Dette for å legge endå betre til rette for samanhengande pasientforløp på tvers av sjukehus og kommunar.
Ti innsatsområde i utviklingsplanen
Du finn mål, tiltak og korleis vi skal måle at vi er på rett veg innan dei ti innsatsområda:
Pasientens helseteneste
Kvalitet og pasienttryggleik
Oppgåvedeling og samhandling
Organisering og leiing
Bemanning og kompetanse
Forsking og innovasjon
Økonomi
Teknologi og digitalisering
Bygg, drift og eigedom
Samfunnsansvar
Høyringssvar
Utkast til revidert utviklingsplan vart sendt på høyring 8. desember 2021 med høyringsfrist 17. januar 2022.
Her kan du lese dei eksterne høyringssvara