Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styret i Helse Førde

Styret i helseføretaket er øvste ansvarlege organ i føretaket, med ansvar for drifta. Styret skal leggje til rette for at helseføretaket kan yte gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga. Dei årlege oppdragsdokumenta og styringsdokumenta dannar grunnlaget for styret sitt arbeid.

Styret i Helse Førde HF har 11 medlemmer. Sju er eigaroppnemnde, medan fire er valde av og blant dei tilsette. Alle er likestilte medlemmer av styret. I tillegg har styret ein representant frå brukarorganisasjonane som har tale- og forslagsrett.

Under finn du medlemmene i styret i Helse Førde, slik det ser ut frå mars 2025.

Styremedlemmer (sist endra 4. mars 2025)

Eigaroppnemnde representantar:

Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Marit Hermansen 
Styremedlem Aud Ingrid Espeland
Styremedlem Arne Johannessen 
Styremedlem Thomas Vingen Vedeld
Styremedlem Silje Skaar Sunde 
Styremedlem Erik M. Hansen 

Tilsetterepresentantar:

Styremedlem Lena Thorsnes 
Styremedlem Randi Aven 
Styremedlem Hildegunn Styve Borkamo (Ny)
Styremedlem Tore Kjell Hansen (Ny)

Brukarrepresentant:

Marita Aarvik

​Møteplan 2025

  • 30. januar: Førde sentralsjukehus
  • 12. mars: Digitalt 
  • 27. mars: Førde sentralsjukehus 
  • 22. mai: Førde sentralsjukehus
  • 19. juni: Sogndal, Indre Sogn Psykiatrisenter
  • 25. september: Nordfjord sjukehus
  • 30. oktober: Førde sentralsjukehus
  • 27. november: Førde sentralsjukehus
  • 17. desember: Førde sentralsjukehus

Tidlegare styremøte

Sist oppdatert 06.03.2025