Tiltaksbanken som blir nasjonal
Etter inspirasjon frå Bæredyktighedskataloget til Region Midtjylland i Danmark har Helse Førde utforma ein tiltaksbank som skal vere til hjelp for avdelingane med å finne miljøtiltak til handlingsplanane sine.

I september kvart år startar arbeidet med å utforme nye handlingsplanar for avdelingane. I Helse Førde er ein del av handlingsplanen bygd opp etter utviklingsmåla til organisasjonen, og ein del av utviklingsplanen omfattar klima og miljø. Det betyr at avdelingane skal sette seg mål og tiltak for å nå måla i utviklingsplanen.
I år har dei fått tiltaksbanken til hjelp i arbeidet med å utformehandlingsplanen. Føremålet med tiltaksbanken er at avdelingane skal få idéar til tiltak dei kan sette i verk ved si avdeling, og inspirere dei i miljøarbeidet.
Helse Førde sin tiltaksbank er løfta fram, og det er no utarbeidd ein nasjonal versjon som blir delt.