I tillegg til å gje råd og informasjon, skal personvernombudet mellom anna:
- Kontrollere helseføretaket si etterleving av personvernregelverket.
- Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar.
- Være eit kontaktpunkt for Datatilsynet i helseføretaket, og samarbeide med dem i saker som vedkjem helseføretaket.
- Prioritere oppfølging av aktiviteter i helseføretaket kor personvernrisikoen er høgast.
- Bidra til å sikre at helseføretaket alltid har oversyn over korleis verksemda behandlar personopplysingar.
Organisering og ansvar
Personvernombudet i Helse Førde HF er ein stabsfunksjon, organisatorisk tilknytta IKT-avdelinga.
Personvernombudet opptrer som ein uavhengig rådgjevar, og kan ikkje instruerast av leiinga eller andre med omsyn til utføringa av sine oppgåver.
Det er alltid helseføretaket som er ansvarleg for å sikre at personopplysingar som føretaket har ansvaret for blir behandla innanfor rammene av gjeldande lovar og reglar.
Personvernombodet er bunden av teieplikt i samband med utføringa av sine oppgåver.
Nokre nyttige nettsider
Kva er personvern? (datatilsynet.no)Grunnleggjande personvernprinsipp (datatilsynet.no)Generelle rettar etter personvernregelverket (datatilsynet.no)Rettar i samband med innsyn, retting, sletting og sperring av journal (helsenorge.no)
Kontaktinformasjon
Ikkje send sensitive eller fortrulege opplysingar per e-post, bruk då eventuelt eDialog. Ver venleg og skriv "personvernombod" i tittelen.
Frode Hatten
personvernombod
Telefon: 57 83 13 21
E-post: personvernombodet@helse-forde.no
Du kan også sende brev:
Helse Førde HF
v/personvernombodet
Postboks 1000
6807 Førde