Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientjournal

Din pasientjournal er ei samling av opplysingar om helsehjelpa du har fått. Kvar behandlingsstad der du har fått helsehjelp, for eksempel sjukehus eller fastlegekontor, skal opprette ein pasientjournal.

Ein pasientjournal skal mellom anna innehalde opplysingar om diagnose, sjukdomsforløp, behandling, prøvesvar, informasjon som er gitt til deg og andre høve som kan vere av betyding for behandlinga eller eventuelle seinare behandlingar.
  

Din r​ett til innsyn

Du har rett til å få innsyn i journalen din, og om du ønskjer det kan du også få forklart ord og uttrykk som er vanskelege å forstå. Du har også rett til å få vite kven som har hatt tilgang til pasientjournalen din, og kven som har fått utlevert opplysingar frå han.

Les meir om digitalt innsyn i din pasientjournal (helsenorge.no)

Sjå pasientjournalen din​ (helsenorge.no)

​Du har​ rett til å få tilsendt kopi av journalen din

Pasientjournalen din kan innhelde dokument som ikkje kan visast digitalt. Nokre av desse kan vere tilgjengelege på papir.

Dersom du ønskjer kopi av journalen din må du kontakte sjukehuset via digitale skjema.

Her finn du aktuell informasjon og skjema du kan trenge når du vil krevje innsyn i journalen eller tilgangsloggen din.

 

Kopi av journalen din blir send deg med vanleg post. Kostnad for kopi av journal er regulert etter gjeldande takstar.       
 

Har du spørsmål eller treng hjelp med journalen din?

 
Kontakt oss​
NB! Ikkje send sensitive opplysingar via e-post!​​

Vi har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende kopi frå pasientjournalen din på e-post.
 
Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at det må handterast som ei eiga sak, vil e-posten bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår. Saksbehandlinga skjer ikkje alltid raskare sjølv om saka er send via e-post.​​

Sist oppdatert 18.12.2023