Her finn du Helse Førde sine offentlege postjournalar. Dersom du ønskjer innsyn i eitt av dokumenta så skal du kontakte oss på elektronisk post då alle ønskje om innsyn skal dokumenterast i vårt arkivsystem. Du kan og kontakte oss for å få innsyn i eldre dokument enn dei vi har her.
Be om innsyn i postjournal via e-dialog!
Ein del av dokumenta er etter lova unnateke offentlegheit av ulike omsyn. Vi ber om at du identifiserer tydeleg kva type dokument du ønsker innsyn i. Anten med saksnummer og løpenummer, eller konkrete opplysningar om kven eller kva saka gjeld, eller ved å kopiere opplysningane direkte frå postlista.
Vi gjer merksam på at offentleg journal ikkje inneheld korrespondanse knytt til føretaket sine personalmapper eller tilsettingssaker. Dersom du ønsker innsyn i desse dokumenta, kan du sende oss ein førespurnad.