Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein mann iført arbeidskle jobbar på ein byggeplass. I bakgrunnen ein grabb frå ei gravemaskin og delar av eit bygg

Nye Førde sjukehus

- bygt med vår innsikt og innsats.

Det store moderniseringsarbeidet – Nye Førde sjukehus

Førde sentralsjukehus sto ferdig i 1979. Sidan den gang har sjukehuset blitt bygd på fleire gonger. Hovudbygget, Svanabygget er i store trekk originalt frå byggeåret. Fram til 2028 skal sjukehuset gjennomføre eit stort moderniseringsarbeid. Helse Førde er sjølve byggherre for om- og utbyggingsarbeida.

Prosjektet har ei økonomisk ramme på NOK 1,8 mrd. med lånetilsegn i statsbudsjettet for 2017.
Moderniseringsarbeidet bidreg til god lokal verdiskaping. Gjennom dei offentlege anskaffingane har lokale entreprenørar og leverandørar vunne fram på pris, kvalitet og kompetanse.
 
I 2019 starta bygging av nybygg psykisk helsevern, Dagabygget. Bygget sto ferdig våren 2021 og husar psykisk klinikk og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Dagabygget hadde ein samla kostnad på vel 340 millionar kroner.
 
I denne første fasen i moderniseringsarbeidet er ny infrastruktur bygt. Eit flaumvern som skal verne sjukehuset mot 1000-års flaumar vart gjort ferdig i desember 2020. Vernet er ein del av den infrastrukturen som det offentlege har pålagt Helse Førde å etablere, for å kunne sette Dagabygget, nybygget for psykisk helsevern, og seinare nybygg somatikk, Livabygget i drift. Flaumvernet hadde ein samla kostnad på rundt 30 millionar kroner.

Byggesteg to

Helse Førde har signert kontrakt  med Veidekke Entreprenør AS om bygging av nytt bygg for somatikk,  Livabygget, og påkoplingsareal i høgblokka på Svanabygget. Byggestart var rett etter påske 2021. Dette byggesteget skal vere avslutta i 2024. 

fasadeillustrasjon av eit bygg

Til venstre i illustrasjonen er Dagabygget, nybygg psykisk helsevern. Bygget vart sett i drift februar 2021. Midt i bildet er Livabygget, nybygg somatikk, med byggestart april 2021 og ferdig i 2024. I bakgrunn til høgre, er høgblokka i Svanabygget. Nybygget skal koplast på høgblokka.

Lang og solid prosjektutvikling

Prosjektet starta med ein konseptfase i 2015, og har sidan då gjennomgått ei kvalitetssikring og vidareutvikling fram mot byggestart. Offentleg anskaffing gjennom samhandlingskontakt med entreprenørar og stor involvering av dei tilsette i organisasjonen, har gitt moderniseringsprosjektet gode løysingar og sterk forankring.  

For meir informasjon kan ein nytte denne lekkja for ei grundigare skildring og forståing av prosjektet.

 
Kontakt oss:

Send ein epost til Nye Førde sjukehus

 

Planen i dag: Slik kan vestsida av Førde sentralsjukehus bli:

fasadeillustrasjon av eit bygg

Illustrasjon av Livabygget.

Animasjonsfilmen syner når nybygga vert bygde og kvar dei er plasserte.

 Sjå video her. (YouTube 3,55 min.)

Inspirasjonsseminaret 2017 - Sjå opptak frå inspirasjonsseminaret om "Nye Førde sjukehus"  YouTube (2 timar, 39 minutt)

     

    Sist oppdatert 23.01.2024