Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lytteposten i Helse Førde

Har du noko på hjarte etter sjukehusbesøket? Ring Lytteposten!

​Kontakt oss på 415 30 350

Lytteposten er meint å vere ein enklare måte for å kommunisere opplevingar, og skal vere eit supplement til eksisterande ordningar. I hovudsak vil di tilbakemelding bli handsama per telefon. Får du ikkje svar akkurat når du ringer, kan du legge igjen ei melding på telefonsvararen når som helst, og så lovar vi å ringe deg tilbake. Alle førespurnader blir registrerte, og alle skal ha tilbakemelding på si sak.

Ved bruk av epost, er det viktig at denne ikkje inneheld sensitive helse- eller personopplysningar.

Kontakt oss​

Ingen formell klagekanal

Merk at alvorlege saker som gjeld pasientskader eller andre lovregulerte rettar framleis må handsamast etter vanleg skriftleg saksgang, og ikkje ved Lytteposten. Dette betyr at klager på behandling eller klager på helsepersonell skal meldast skriftleg, og gå gjennom dei formelle kanalane som finst for slike saker.

Har du spørsmål rundt behandlinga du får hjå oss, så ta desse direkte opp med lege eller annan behandlar når du har time. Eventuelt kan du ringe direkte til den aktuelle avdelinga og få svar på slike spørsmål i ettertid.
 
Vårt mål er at pasientar og pårørande skal kjenne seg høyrde. Lytteposten er til for brukarane våre, og innspela vil bli nytta til systematisk forbetringsarbeid internt i Helse Førde.

Vi vil lytte til deg

Lytteposten vil ha melding om både godt og gale innanfor mange typar saker og tema.  Hugs berre på at Lytteposten ikkje er kanalen der du formidlar dei alvorlege klagesakene.
Dette er døme på tema og saker som høver for  Lytteposten:

  • kvalitet på mat, reinhald etc.
  • reaksjonar på omgjevnadene, miljø, vedlikehald
  • kvalitet på informasjon du har fått
  • korleis du som pasient eller pårørande vart motteken av oss
  • brukaroppleving elles i møtet med oss

Gjennom Lytteposten kan du gje oss tips og  informasjon som vi kan lære av, og som kan gjere Helse Førde endå betre!

Sist oppdatert 18.12.2023