Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et rødt hus i snøen

Velferdstilbod

Som tilsett i Helse Førde får du tilgang på ein rekke velferdstilbod og rabattar på tenester i området vårt.

Føretaksleiinga i Helse Førde har vedtatt at det skal settas av velferdsmidlar i budsjettet kvart år til bruk for våre medarbeidarar. Velferdsmidlane skal komme medarbeidarane til gode gjennom vedtak i arbeidsmiljø utval på klinikk- eller føretaksnivå.

Velferdsmidlar er tenkt nytta til enten konkrete investeringar / drift som kan komme ansatte til gode (eks. hytter eller båt) eller til konkrete arrangement som mange kan delta på (eks. stafett, fjelltur, blåtur, julebord, sommarfest).

I skrivande stund har vi desse faste velferdstilboda:

  • Personalhytte på Filefjell
  • Biltilhengarar for tilsette
  • Båt til utlån for tilsette i Nordfjord
  • Saltrening på PULS i regi Helse Førde

I tillegg får alle tilsette rabatt på:

  • ​Treningstilbod på Spenst
  • Leigebil frå Avis
  • Kulturtilbod frå Teater Vestland
​​

I KLP, som alle tilsette er medlem i, får du lån med medlemsfordelar.
 
Helse Førde har også eit eige bedriftsidrettslag som arrangerer ulike aktivitetar.

 

 

Sist oppdatert 21.03.2022