Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kart

Utanlandske tilsette

Helse Førde skal vere på internasjonalt nivå innan forsking, innovasjon og utdanning. Vi ønskjer å tiltrekke oss dei beste fagfolka.

Rekruttering og tilsetjing av utanlandske statsborgarar til stillingar i Helse Førde skal skje etter same retningslinjer som for norske arbeidstakarar. I tillegg er det nokre særlige forhold det må takast omsyn til ved tilsetjing av utanlandske arbeidstakarar:

  • Gyldig opphalds- og arbeidsløyve der det er eit krav
  • Norsk autorisasjon for helsepersonell der det er eit krav
  • Politiattest der det er eit krav, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma
  • Dokumentasjon på nødvendig vaksinasjon

Alle tilsette må kunne norsk på eit nivå som sikrar god samhandling og forsvarleg yrkesutøving. Kva norskkunnskapar som er nødvendige for ein forsvarleg yrkesutøving vil variere og må vurderast ut frå kva oppgåver den tilsette skal utføre.

Helse Førde stiller differensierte krav til norskkunnskapar (skriftleg og munnleg) ved tilsetjing ut frå yrke, funksjon og oppgåver som skal utførast. Krav blir spesifisert i utlysingsteksten og kompetanse blir vurdert av leiar i rekrutteringsprosessen.

  • Lege, sjukepleiar, psykolog, anna helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) og merkantile med pasientkontakt
    • Må kunne norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
  • Anna helsepersonell utan pasientkontakt og dokumentasjonsplikt, sekretærar utan pasientkontakt, administrativt tilsette og driftspersonell
    • Må kunne norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer dei i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaar i arbeidssituasjonen
  • Andre stillingar
    • Krava må vurderast konkret i kvart tilfelle ut frå arbeidsoppgåver tillagt stillinga
       

​Ledige stillingar i Helse Førde blir lyst ut.

Sjå ledige stillingar og søk jobb i Helse Førde

For informasjon og søknad om arbeids- og opphaldsløyve:
SUA (Servicesenter for utenlandske arbeidstakere)  

 

 

 





Sist oppdatert 21.03.2022