Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Fjord og fjellandskap som badar i sommarsol

Sommarjobb

Kvart år treng vi sommarvikarar og anna ekstrahjelp i høve ferieavvikling. Desse stillingane vert lyst ut i desember månad året før.

​Vi har oppimot 200 ulike yrkesgrupper som samarbeider om pasientbehandling og anna drift av sjukehusa.

Når du høyrer sjukehus er det lett å tenke legar og sjukepleiarar. Det er rett, men vi har også portørar, reinhaldarar, kokkar/kjøkkenassistentar, ambulansearbeidarar, sekretærar, økonomar, helsefagarbeidarar, terapeutar, psykologar og ei skare av ingeniørar frå mange fagområde. Berre for å nemne nokre.

Det betyr at vi har også mange forskjellige sommarjobbar!


Sjek
k ut våre ledige stillingar

Bruk søkeorda "sommar" eller "ferie", som vist nedanfor:

søkefelt webcruiter
 

 

​Kom og jobb med oss og få ei fin og lærerik tid.

Du er hjarteleg velkomen! 


Sist oppdatert 12.12.2022