En person som holder et grønt blad

Ny i Helse Førde

Velkomen som ny medarbeidar ved Sogn- og Fjordane-regionen sitt største medisinfaglege miljø! Vi er veldig glade for å ha fått deg med på laget, og ser fram til du skal begynne.

​Når du begynner i Helse Førde blir du ei viktig brikke i eit samspel rundt pasientane våre. Vi er avhengig av at kvar einskild medarbeidar utfører ein så god jobb som mogleg for å kunne oppfylle vårt viktige samfunnsoppdrag, og no blir din innsats eit verdfullt bidrag til dette!

Vi håpar at du får ei lærerik, interessant og utviklande tid som medarbeidar i Helse Førde. For å sikre oss at du skal få ein god start, riktig informasjon, blir kjent med vår kultur, våre forventningar og våre verdiar, så har vi laga eit introduksjonsprogram for oppfølging og introduksjon til deg som ny medarbeidar.

​Introduksjonsprogrammet finn du i kompetanseportalen når du tiltrer stilling hos oss.

Til kompetanseportalen​

Utrekning av lønsansiennitet skal sikre at tilsette ikkje får lågare løn enn det som følgjer av garantiane i overeinskomstane.

Du vart i arbeidsavtala oppfordra til å sende inn dokumentasjon slik at lønsansiennitet kan bli utrekna og rett løn fastsett, og leiar vil også ha informert deg om dette i intervjuet eller annan samtale før du fekk tilsendt arbeidsavtala. Vi vil likevel understreke at det er ditt ansvar som medarbeidar å sørge for at naudsynt dokumentasjon er levert slik at lønsansiennitet kan bli utrekna.

Ansiennitet skal normalt utreknas før medarbeidar tiltrer stillinga. Om medarbeidar leverer attestar i etterkant, vil den nye lønsansienniteten normalt gjelde frå HR/ Seksjon løn og personal har motteke dokumentasjonen.

Dersom dokumentasjon blir levert innen 3 månader etter at medarbeider starta i stillinga, vil det bli etterbetalt løn frå startdato. Utover dette blir det ikkje etterbetalt løn for perioden før dokumentasjonen er levert.

Arbeidsattestar/tenestebevis skal stadfeste tilsetjingsforhold og ha eksakt frå- og til-dato. Attestane skal dokumentere stillingsprosent, eller totalt timetall dersom ein ikkje har fast stillingsprosent.

Reglar for lønsansiennitet

Lønsansiennitet vert fastsett etter følgjande reglar:

  • Lønsansiennitet vert rekna frå tidlegast fylte 18 år.
  • Ansiennitetsdato vert fastsett til den 1. i tilsetjingsmånaden på grunnlag av godskriven lønsansiennitet.
  • Ved tilsetjing i helseføretak vert all offentleg og privat teneste godskrive fullt ut i lønsansienniteten. Som privat teneste vert også arbeid i heimen og omsorgsarbeid rekna med inntil 3 år. Som offentleg teneste skal verneplikt reknast med.
  • Fråvær utan løn i samband med fødsel og adopsjon vert rekna med inntil 2 år i lønsansienniteten.
  • Fagarbeidar med avlagt fagprøve får verdiskapingsdelen av læretida rekna med i lønsansienniteten.
  • Det blir ikkje gjeve lønsansiennitet etter fleire føresegn for same tidsrom.
  • Det er reglane som gjeld ved tiltreding som skal leggast til grunn ved utrekning av lønsansiennitet.

Ansiennitetsdato vert fastsett til den 1. i tilsetjingsmånaden

Når lønsansienniteten er utrekna, vert ansiennitetsdatoen fastsett til den 1. i den månedan medarbeidaren tiltrer. Det har inga betyding om medarbeidaren tiltrer i første eller andre halvdel av månaden.

All offentleg og privat teneste vert godskrive fullt ut i lønsansienniteten

All offentleg og privat teneste i heil- eller deltidsstilling etter fylte 18 år blir godskrive uavhengig av stillingsandel. For timeløna arbeid blir det gjeve lønsansiennitet for faktisk arbeidde timar rekna om til månadsverk.

Timeløna får behalde tidlegare fastsatt ansiennitetsdato ved overgang frå avtale om timeløn til fastløna arbeidsavtale.

Som privat teneste vert også arbeid i heimen og omsorgsarbeid rekna med totalt inntil 3 år.

  • Arbeid i heimen: Med arbeid i heimen meiner ein stell eller anna omsorgsarbeid for minst 1 person i tillegg til seg sjølv. Dette gjeld uavhengig av kjønn, sivilstand og eventuelle slektsforhold mellom arbeidstakaren og den/dei arbeidstakaren har hatt omsorg for.
  • Omsorgsarbeid/teneste: Som omsorgsarbeid meiner ein omsorg for barn, eldre og sjuke. For å få godkjent omsorgsarbeid må ein legge ved dokumentasjon, til dømes fødselsattest eller legeattest.

For søknad om å få godkjent lønsansiennitet for arbeid i heimen eller omsorgsarbeid skal fastsatt skjema nyttast.

Anna ulønt frivillig arbeid/teneste skal ikkje godkjennas.

Verneplikt

Det er berre fyrstegongsteneste samt pliktige repetisjonsøvingar som vert godskrive. I tillegg vert sivilteneste og frivillig verneplikt for kvinner godskriven etter avtale.

Fagarbeidar / verdiskapingsdel av læretida

Fagarbeidar med avlagt fagprøve får verdiskapingsdelen av læretida medrekna i lønsansienniteten. Læretida skal som hovudregel bestå av 50 % opplæringstid og 50 % verdiskapingstid. Det vil si at ei læretid på 2 år ved godskriven med 1 års lønsansiennitet. Ved anna fordeling enn 50/50 mellom opplærings- og verdiskapingstida etter godkjente fagplanar, vert lønnsansiennitet godskriven ut frå den aktuelle fordelinga.

Det blir ikkje gjeve lønsansiennitet etter fleire føresegn for same tidsrom

Om ein arbeidstakar har hatt fleire stillingar (heil-/deltid) i løpet av eit år, eller har hatt heil-/deltidsstilling kombinert med omsorgsarbeid, vert dette rekna berre som eitt år lønsansiennitet. Det same gjeld om ein arbeidstakar har hatt heil-/deltidsstilling og samstundes har tatt ekstravakter same eller annan stad.

Sjølvstendig næringsdrivande

Sjølvstendig næringsdrivande må dokumentere at verksemda har vore i drift den perioda ein krev ansiennitet for. Slik dokumentasjon kan vere attest frå Brønnøysundregisteret, frå regnskapsførar eller Skatteetaten.

Arbeidsforhold frå utlandet

Som følgje av EØS-avtalen skal statsborgarskapet til arbeidstakar frå EU sine medlemsstatar og EFTA-statane ikkje vere grunnlag for ulik behandling i saker som omfattar mellom anna løn og andre arbeidsvilkår. Dette må ein ta omsyn til når ein tolkar overeinskomstane sine føresegner om ansiennitetsutrekning. Med utgangspunkt i dokumentasjonen arbeidstakaren legg fram, må det gjerast ei sakleg vurdering av den utanlandske tenesta. Dokumentasjonen må vere på eit skandinavisk språk, eller engelsk. Det same gjeld norske statsborgarar som har arbeidd i utlandet.

 

Arbeidsreglementet viser krav og forventningar som Helse Førde har til sine arbeidstakarar med omsyn til orden, oppførsel og arbeidstid, slik at arbeidsforhold vert trygge og føreseielege, jf. arbeidsmiljølova § 14-16.
 
Den einskilde arbeidstakar skal opptre på ein måte som fremmar Helse Førde sine verdiar:
  • Respekt i møte med pasienten
  • Kvalitet i prosess og resultat
  • Tryggleik for tilgjenge og omsorg
 
Det er ei målsetting at Helse Førde skal spegle mangfaldet i befolkninga og at føretaket skal legge til rette for inkluderande rekruttering. Arbeidsgjevar forventer at den einskilde tilsette møter andre med respekt uavhengig av kjønn, alder, livssyn, funksjonsevne eller fleirkulturell bakgrunn.
 
Alle tilsette pliktar å gjere seg kjent med arbeidsreglementet.
 
 
 

Meir om oss og korleis det er å jobbe i Helse Førde kan du finne på "Jobb med oss"-portalen vår:

Jobb med oss i Helse Førde


Sist oppdatert 25.03.2024