Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

For tilsette i Helse Førde/Helse Vest

Digitale opplæringsressursar

Her er ein oversikt over digitale kurs/førelesingar du som tilsett kan gjennomføre heimanfrå, uavhengig av om du har jobb-pc eller ikkje. Du finn og ein forklaring på korleis du logger deg på Læringsportalen og Kompetanseportalen heime.

​Alle tilsette i Helse Førde må vere pålogga i Læringsportalen når dei tek digital kurs. Dette er for å dokumentere at dei har teke kurset.

Opprett passord i Læringsportalen

Om du vil ta kurset på privat PC må du logge på med brukarnamn og passord for å få registrert kursa på deg. Du må derfor først lage deg eit passord i Læringsportalen medan du er på jobb eller er pålogga via jobb-PC.

Korleis lage passord og registrere private epost-adresser i Læringsportalen

Allereie i karantene og ikkje tilgang til jobb-PC?

Om du ikkje kjenner passordet ditt i Læringsportalen og ikkje har tilgang til jobb-PC for å ordne det i stand må du ta kontakt med Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 40 for å få passord på sms.

Å jobbe i Kompetanseportalen heimanfrå

Då loggar du inn på Kompetanseportalen via intranett på vanleg måte.

  • Gå til: https://hv.dossier.no/profile/app/#/login/1/nn-NO
  • Klikk på gløymd passord
  • Legg inn ditt mobilnummer
  • Du får nytt passord tilsendt på SMS. Dette krevjar at mobilnummeret ditt er lagt inn i MinGat og satt som synleg i samlepunktet.
  • Nytt eingongspassord kjem på SMS og er gyldig i 15 minuttar

Kontakt kundesenteret til Helse Vest IKT på 55 97 65 40 om du har problem med tilsending av passord på SMS, dei kan hjelpe deg med innstillingar i Samlepunktet.

Då må du laste ned appen "Dossier Helse".

Du treng då eit passord. Om du ikkje har dette frå før kan du få det på same måte som om du skulle logga inn på privat PC (sjå over).


Kurs og opplæring relatert til koronavirus i Læringsportalen


Pandemiopplæring: Behandlingsprinsipp forelesning
v/Knut Anders Mosevoll, Overlege Infeksjonsmedisinsk seksjon, HUS
Kursinnhald: Kurset viser ein førelesning om respirasjonssvikt ved COVID-19
Målgruppe: Sjukepleiarar og legar

Pandemiopplæring: AMCDE-forelesning
v/Marthe Alsaker Fjeldstad, Anestesisykepleier, Ferdighetssenteret, HUS
Kursinnhald: Kurset viser ein førelesning om strukturert observasjon-ABCDE
Målgruppe: Sjukepleiarar med ansvar for Covid-19 pasientar

Pandemiopplæring: Respirasjonsforelesning
v/Solfrid Indrekvam, Overlege Lungeavdelingen, HUS
Kursinnhald: Kurset viser ein førelesning om respirasjon (observasjon og tiltak)
Målgruppe: Sjukepleiarar med ansvar for Covid-19 pasientar

Smittevern: Isolering - beskyttelsesutstyr COVID-19
v/Jorunn Kleiva, Spesialsykepleier, Seksjon for pasienttryggleik, HUS
Kursinnhald: Kurset viser prosedyre for utvida dråpesmitteregime ved koronasmitta pasient.
Målgruppe: Alt helsepersonell som skal behandle pasienter i isolat



Sist oppdatert 21.04.2020