HELSENORGE

Bustad

Ved nytilsetjing i Helse Førde kan du søke om å få gjennomgangsbustad i inntil 3 år for å etablere deg i våre område. Vi har vår eiga bustadsformidling som hjelper deg med dette.

Bustadformidlinga hjå Førde Sentralsjukehus disponerer desse gjennomgangsbustadane frå Bustadstiftinga i Førde:

22 stk. hyblar som er møblerte med koketopp, mikro, fibernett og tv-kanalar. Storleik 25 kvm.

47 stk. 2-roms bustadar som er møblerte med fibernett, kvitevarer og tv-kanalar. Storleik frå 57-75 kvm.

8 stk. 3-roms bustadar som er møblerte med fibernett, kvitevarer og tv-kanalar. Storleik 110 kvm.

17 stk. 3-roms bustadar som er umøblerte men med fibernett og kvitevarer. Storleik frå 96-101 kvm.

11 stk. 4-roms bustadar som er umøblerte men med fibernett og kvitevarer. Storleik frå 112-119 kvm.

7 stk. 5-roms bustadar som er umøblerte men med fibernett og kvitevarer. Storleik frå 124-136 kvm.

 

Bustadstiftinga i Førde utviklar nye bustadar i Vieåsen Vest som blir klar for overlevering/ utleige for Helse Førde bustadformidlinga frå våren 2022 av:

42 stk. 2-roms bustadar som er møblerte med fibernett, kvitevarer og tv-kanalar. Storleik frå 40-45 kvm.

7 stk. 3-roms bustadar som er møblerte med fibernett, kvitevarer og tv-kanalar. Storleik ca. 50 kvm.


Fann du det du leita etter?