Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
ei stor samling av glade mennesker som sit rundt langbord

Bli kjend med oss

Helse Førde har ansvaret for spesialisthelsetenesta i eit område med i underkant av 110 000 innbyggjarar. Vi dekkjer eit stort geografisk område. Vi er det minste føretaket i Helse Vest, men vi har kring 40 prosent av arealet. Ein køyretur frå Stad i nordvest til Årdal i søraust tek fire timar.

​Som medarbeidar i Helse Førde får du kring 3000 kollegaer. Vi er den klart største arbeidsplassen i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Budsjettet vårt er på 3,2 milliardar kroner. Kvart år utfører vi 182 000 polikliniske konsultasjonar og har kring 40 000 liggedøgn.

Vi held til i eit område utan store byar og stor grad av desentralisering. Det speglar også oss. Hovudkontoret vårt ligg i Førde. Vi har institusjonar på seks plassar og ambulansestasjonar spreidde over heile Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Mange som kjem til området let seg fascinere av naturen. Kontrastane er store frå storm til stille. Og om avstandane er store frå ytst til inst, er vegen kort frå kyst til hei og frå fjord til fjell.

Velkomen til oss i Helse Førde.


Sist oppdatert 12.12.2022