Med den nye karttenesta skal du kunne:
- sjå rute frå inngang eller parkeringsplass helt fram til avdelinga du skal til inne på sjukehuset
- på førehand gjere deg kjend meg kvar parkeringsplassar, buss og taxi er på sjukehusområdet
- planleggje ruta frå avreisestaden din til sjukehuset (google maps)
- sende ruta som ei lenkje på e-post, som du kan dele med andre
- nytte alle typar nettlesarar, smarte einingar og PC-ar.
Du kan sjølvsagt framleis ta kontakt med tilsette for å få hjelp.
Tilbakemeldingar
Tenesta gjeld eit avgrensa område av føretaket og er berre tilgjengeleg for Førde sentralsjukehus i første omgang. Karttenesta er under utvikling, og skal også i framtida inkludere andre oppmøtestadar i Helse Førde.
Du vil kanskje kunne oppleve nokre feil eller unøyaktigheiter i løysinga. Vi er opptekne av at denne tenesta skal bli så bra som mogleg. Vi er derfor svært takknemlege for tilbakemeldingar, slik at tenesta kan bli betre.
Bruk tilbakemeldingsfunksjonen nederst på siden.