Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil ha kommunane med i ny ambulanseprosess

Helse Førde vil ha ein ny prosess for å avklare framtidig organisering av det prehospitale området, altså korleis framtidas ambulanseteneste i Sogn og Fjordane skal bli. Føretaket vil at eksterne interessentar, altså kommunane, skal involverast sterkt i arbeidet.

Publisert 02.06.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Korleis ambulansetenesta er organisert, rører sterkt ved tryggleikskjensla til innbyggarane i det spreitt befolka fylket Sogn og Fjordane. Saka har vist seg å skape sterke lokale engasjement kvar gong det kjem forslag til endringar.

Sterk kostnadsvekst for bilambulansen
Men både økonomiske rammevilkår, endra kommunikasjonar og den demografiske utviklinga har gjort det naudsynt med ein ny prosess rundt korleis ambulansetenesta bør vere i framtida. Styret i Helse Førde ønskjer no ein slik prosess, og ber om at eit utkast til mandat for prehospital plan tilpassa den økonomiske ramma blir lagt fram på neste styremøte 30. juni.
Dei siste ti åra har det prehospitale området, og då særleg bilambulansetenesta, hatt langt sterkare vekst enn resten av Helse Førde. I 2017 kjem ambulansetenesta til å bruke rundt åtte millionar kroner meir enn budsjettert, og overskridinga er endå større om ein samanliknar dette forbruket med ambulansetenesta sin del av Helse Førde si inntektsramme. Dersom dagens ambulansestruktur held fram, vil ambulansetenesta få ein endå sterkare økonomisk vekst i framtida.

Må prioritere ressursane
Når ein del av verksemda får ein stadig større del av dei totale ressursane i føretaket, må Helse Førde vurdere om dette er rett prioritering. Og dersom ein del av verksemda tek meir enn «sin del» av ressursane, må ein finne ut kva annan del av sjukehusdrifta som skal kuttast og få mindre enn «sin del».
Både hjå oss i Sogn og Fjordane og i andre fylke har det ofte vore usemje mellom helseføretak og folkevalde representantar i kommunane i slike prosessar. Utanom økonomi er det også ein fagleg debatt, der argumentet om «robuste einingar med kompetent personell som er godt trente gjennom mange oppdrag» står opp mot argumentet for nærleik til ambulansetenestene, også i grisgrendte strok.

Alternative modellar
Helse Førde vil no vurdere om ein i den vidare prosessen skal levere fleire alternative modellar innanfor ulike økonomiske rammer. Altså korleis ei framtidig ambulanseteneste vil kunne bli:
-  Innanfor dei prehospitale tenestene sin del av inntektsmodellen (139 millionar kroner/år, 5,5 millionar mindre enn dagens budsjett).
-  Innanfor budsjett 2017 for ambulansetenesta (144 millionar kroner).
-  Innanfor prognose 2017 for ambulansetenesta (152 millionar kroner).
-  Innanfor dagens modell, med avvikling av heimevakt, ny båt i område sør, husleigejusteringar og medisinsk rådgjevar (168 millionar kroner).
Denne prosessen vil altså Helse Førde at både representantar for kommunane og brukarane skal involverast i. Det vil bli eit svært omfattande arbeid, som er foreslått organisert i grupper:
Ei hovudprosjektgruppe, tre «geografiske» grupper (Sunnfjord og Ytre Sogn, Nordfjord samt Indre Sogn)  og ei faggruppe.
Styret i Helse Førde skal ta stilling til dette på møte tysdag 6. juni.