Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Varden klar for Helse Førde

I den grad Arve Varden vågar å komme med noko som liknar ei programerklæring før han tiltrer som toppsjef i Helse Førde, er det denne: - Eg vil prøve å vere ein lagspelar, så langt som råd.

Publisert 29.01.2018
Sist oppdatert 02.01.2024

Vi møter Arve Varden på kontoret i fjerde etasje i rådhuset i Høyanger, der han har starta arbeidet med å rydde opp i hyller og skåp. Han ønskjer å etterlate seg eit reint og ryddig kontor. Berre få dagar gjenstår før han har sin første arbeidsdag som administrerande direktør i Helse Førde.
 
- Eg er både spent og audmjuk når eg går til den nye jobben, seier han.

Erfaring viktigast
Den kommande sjefen vår er 53 år gammal om nokre veker. Han er gift med Ingrid, dei har ei dotter på 21 saman og i fjor haust vart han bestefar for første gong. Ekte Høyangergut og bur, som han seier med eit lite smil, i «huset mellom kyrkja og bedehuset».
 
Arve Varden har vore kyrkjevergje, helse- og sosialsjef, assisterande rådmann og rådmann i heimkommunen. I tillegg til fem år som direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde, der han slutta i 2011.
 
Utdanninga har han frå BI, og Varden gjennomførte nasjonalt toppleiarprogram då han var klinikkdirektør.
- Uansett, så er nok erfaringa mi den viktigaste ballasta eg han med meg, seier han.

Arve Varden.JPG

Synleg og tilgjengeleg
Varden er oppteken av å få fram at han slett ikkje tenkjer å snu opp-ned på alt når han kjem, og at han ser at mykje godt arbeid er gjort tidlegare. Så, kva kan vi eigentleg vente oss av denne mannen?
 
- Eg tenkjer i alle fall å bruke litt tid på å bli godt kjent med organisasjonen, tileigne meg kunnskap og kompetanse om den før eg vurderer kva styringsgrep som trengst, seier han. – I utgangspunktet ønskjer eg i størst mogeleg grad å finne gode løysingar basert på dialog, og at beslutningane i størst mogeleg grad skal vere kjente og mogeleg å påverke i forkant. Eg har tru på ei synleg og tilgjengeleg leiing.
 
Nettopp utfrå dette siste poenget er han ikkje heilt nøgd med kontora han og leiinga er tiltenkt i det nye Bygg Aust. Han meiner det er for avstengt frå omverda, og for vanskeleg for omverda å finne fram til.
 
- Vi får sjå korleis vi løyser det, seier han.

Normalisering
Den nye direktøren har sjølvsagt fått med seg at Helse Førde har vore prega av uro og turbulens det siste året, og har gjort seg nokre tankar om dette.
 
- Eg har registrert det som har skjedd utanfrå. Min første tanke er at dette er noko vi må prøve å legge bak oss, og eg håpar at vi kan starte med blankast mogelege ark. Dessutan opplever eg at dette arbeidet allereie er godt i gang, og at ting byrjar å normalisere seg. Her håpar eg å kunne ta ei lagspelarrolle. Berre på den måten kan vi finne den kursen og nå dei måla som styret har sett for oss.

Handlingsrommet
- Som du seier, det er allereie staka ut ein kurs og gjort utbyggingsvedtak. Kor stort handlingsrom får du eigentleg som administrerande direktør i Helse Førde?
 
- Eg trur det alltid er rom for å kunne påverke viktige prosessar. Det er klart at sjølv om eg skal jobbe utfrå den kursen styret har vald, så vil det alltid vere rom for å justere, velgje løysingar og framgangsmåte. Men å tru at eg skal komme og snu opp-ned på alt er heilt urealistisk.
No gler han seg stort til å ta fatt. Er budd på mykje bilkjøring mellom heim og jobb – ein liten elbil er allereie innkjøpt til formålet.

Kan aldri innfri alt
- Eg har fått utruleg mange hyggelege tilbakemeldingar etter at eg fekk denne stillinga. Eg føler at det er mange ulike forventingar rundt om. Samtidig er eg fullt klar over at det er komplett uråd å innfri dei alle, seier han. – Eg kan ikkje framstå som ein slags redningsmann. Men eg ønskjer å bidra til at Helse Førde skal bli best mogeleg, både for dei som treng å bruke spesialisthelsetenesta her i fylket og alle som jobbar i Helse Førde.

Arve Varden har sin første arbeidsdag som administrerande direktør i Helse Førde tysdag den 30. januar 2018.