Vår dame i Forsker Grand Prix 2016
Onsdag 28. september startar Forsker Grand Prix 2016 i Bergen. Her stiller barnelege Hege Kristiansen frå Helse Førde og skal konkurrere mot ni andre skarpskodde forskarar om ein plass i den nasjonale finalen.
Her handlar det om kunnskap, konsentrasjon og formidlingsevne. Hege og dei ni andre forskarane får fire minuttar kvar til å presentere forskinga si framfor eit dommarpanel.
Dei fire beste av desse ti går vidare til ein mellomrunde der dei har seks minuttar på å imponere dommarar og publikum.
Etter dette skal to av deltakarane stå att, og dei skal delta i den nasjonale finalen i Bergen kommande laurdag, som er den 1. oktober.
Konkurransen er ein del av Forskningsdagene i Bergen, og NRK skal gjere opptak med tanke på eit seinare program om arrangementet som skal sendast på NRK2.
- Grunnen til at eg melde meg som interessert, var at deltakarane får tilbod om kvalifisert coaching i denne typen formidling, fortel Hege.
Ho har drive forskinga si ved Universitetet i Bergen i fleire år, litt til og frå. I januar 2015 fekk ho stipend til dette arbeidet frå Helse Vest. Klarer ho å ta seg til den nasjonale finalen på laurdag, møter ho sju forskarkollegar frå dei andre store universiteta i landet.
Les meir om Forskar Grand Prix 2016 på heimesidene til Forskningsdagene i Bergen
Og ho har budd seg på å framstille arbeidet sitt på nokre korte minuttar:
- Eg må fortelje om dette på ein slik måte at folk kan kjenne seg igjen i det, og slik at dei føler at dette er noko som vedkjem dei, seier barnelegen ved Førde sentralsjukehus.
Temaet overvekt blant barn er svært aktuelt også i Norde, der kvart femte barn utviklar overvekt eller fedme. Som lege behandlar Hege barn som har desse problema, og som forskar arbeider ho med å finne måtar å førebygge det på.