Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilsetjingsprosessen for ny administrerande direktør i Helse Førde

Det er behov for meir tid for å sikre eit best mogeleg tilfang av søkjarar til den viktige stillinga som administrerande direktør for Helse Førde.

Publisert 03.10.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Tilsetjingsutvalet ønskjer difor å forlenge søknadsfristen til 20. oktober 2017, og har kome fram til at dette er ei god løysing for den vidare prosessen.

Det vert arbeidd godt i tilsetjingsutvalet. Utvalet har som mål at utviding av søknadsfristen skal bidra til ein god tilsetjingsprosess, slik at ein er trygg på å få fram dei beste kandidatane til stillinga som administrerande direktør i Helse Førde.

Agnes Landstad, styreleiar