Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styret får gjennomgangen på nyåret

Publisert 08.12.2016
Sist oppdatert 02.01.2024

Som tidlegare informert blir det i desse dagar gjort ein ekstern gjennomgang for å følgje opp varslingssak og brev frå tillitsvalde med kritikk mot omorganiseringsprosessen i føretaket.

Styret i Helse Førde vil få ein rapport frå dei innleigde konsulentane til handsaming i slutten av januar.

Konsulentselskapet AFF i Bergen og advokatfirmaet Steenstrup Stordrange er leigde inn for å gjere gjennomgangen. Oppdraget dei har fått, er å syte for ein objektiv og uavhengig gjennomgang av fakta. Styret har gitt mandatet for undersøkinga, og konsulentane rapporterer direkte til styret.
Planen var i utgangspunktet at sluttrapporten frå undersøkinga skulle leverast innan 16. desember 2016. Styret er opptekne av at det skal vere nok tid til å gå grundig inn i alle sider av sakene. Ein stram tidsfrist skal ikkje gå på kostnad av kvaliteten i arbeidet med gjennomgangen, og det er omsynet til dette som gjer det rett å bruke noko lenger tid enn først planlagt.

Konsulentane har etablert eit team som står for gjennomgangen. Tilsette i føretaket er, og vil bli, bedne om å stille til samtalar med teamet som arbeider med undersøkinga. Konsulentane avgjer sjølv kven dei vil be om å få snakke med. Teamet som utfører gjennomgangen vil også få tilsendt den skriftlege dokumentasjon dei ber om, eller dokumentasjon som kjem til undervegs.

Agnes Landstad
styreleiar Helse Førde