Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Signerte millionkontrakt på nye Førde sjukehus

Norconsult skal levere rådgjevings- og arkitekttenester til planlegginga av nye Førde sjukehus. Kontrakten, verd fleire titals millionar, er no underskriven.

Publisert 24.02.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

Kontrakt HF og Norconsult II.JPG

UNDERSKRIVING: Adm. direktør Jon Bolstad i Helse Førde og divisjonsdirektør Kjetil Ruud i Norconsult signerer storkontrakten. Bjørn Rønne Lindholt (Sjukehusbygg), Lars Idar Vegsund, Øystein Skauge, Klaus Andrassen (alle Norconsult) og prosjektleiar Kjell Inge Solhaug følgjer med.

I samarbeid med arkitektselskapet Nordic leverte Norconsult det beste tilbodet og vann fram på oppgåveforståing.

- Vi er svært nøgde med å få Norconsult og Nordic med på laget. Begge er store og seriøse selskap. Norconsult er også representert med kontor fleire stader i Sogn og Fjordane. Det har ikkje vore noko kriterium for tildelinga, men vi er sjølvsagt glade for at deira kontor i Førde vil spele ein vesentleg rolle i arbeidet framover, seier prosjektleiar Kjell Inge Solhaug.
Norconsult vann oppdraget i ein open tilbodskonkurranse der i alt seks tilbydargrupper deltok.

Stort oppdrag

- Innanfor sjukehusbygg er dette eit av dei største oppdraga i dag. Vi ser på det som ei stor anerkjenning at Helse Førde har valt oss og Nordic til dette oppdraget, seier divisjonsdirektør for bygg og anlegg i Norconsult, Kjetil Ruud.

Norconsult/Nordic er tildelt jobben med å kvalitetssikre konsept og forprosjekt for det nye sjukehuset, og dei har opsjon på oppdrag i vidare fasar av arbeidet. Sjukehuset skal utvidast med kring 10 000 kvadratmeter nybygg, medan ca. 50 000 rutemeter av den eksisterande bygningsmassen skal rehabiliterast. Norconsult blir totalleverandør av alle ingeniørfag, landskapsarkitektur, spesialfag og prosjektgruppeleiing. Nordic skal levere arkitektfag i oppdraget.

Utfordrande

- Vi ser fram til å ta fatt på arbeidet for å skape eit godt sjukehus både for pasientar og tilsette. Det er eit utfordrande oppdrag som vi ser fram til, seier Ruud.

- Kva er utfordringa?

- Først og fremst blir det å byggje og rehabilitere eit sjukehus i drift. Vidare blir det utfordrande å innarbeide ny teknikk i ein eldre bygningsmasse. Men vi har erfaring med dette, og gjorde tilsvarande oppdrag ved Ullevål sjukehus.

Arbeidet med å kvalitetssikre konseptet startar straks, medan detaljprosjektering og byggeperiodar tek til sommaren 2018. Nye Førde sjukehus omfattar nybygg for barne-, ungdoms- og vaksenpsykiatri, ombygging av eksisterande psykiatribygg og nybygg/tilbygg og ombygging av høgblokka. Det nye sjukehuset skal etter planen stå klart i 2024.

100 millionar

- Dersom opsjonane som ligg inne i kontrakten blir brukte, er dette ein avtale med ein verdi på kring 100 millionar kroner for arkitekt og rådgjevar.

- Kva rolle vil Norconsults kontor i Førde få?

- Kontoret i Førde kjem til å leie arbeidet. Elles blir dette ei oppgåve vi skal løyse i samspel mellom hovudkontoret i Sandvika og Førde, men også med andre av våre kontor, seier Kjetil Ruud.

Kontrakt HF og Norconsult I.JPG

NØGDE: Jon Bolstad og  Kjetil Ruud har nett signert ein kontrakt som kan bli verd kring 100 millionar kroner, dersom alle opsjonar blir tekne i bruk.