Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny infusjonspoliklinikk i drift ved LSH

Pasientar i Indre Sogn tok rett før jul i bruk den nye infusjonspoliklinikken på Lærdal sjukehus. Med dei nyoppussa, romslege lokala i Lærdal slepp mange av dei lange reisedagar for tilsvarande behandling på sentralsjukehuset i Førde.

Publisert 19.01.2024
En gruppe mennesker i hvite labfrakker som står i et rom

- Over halvparten av dei som kjem hit er kreftpasientar. Dei kan ofte bli slitne og svekka av behandlinga, og då er det godt å sleppe lange reiser, seier Elin S. Hunderi, Linda Mannes og Rebecca Hartmann Thim ved infusjonspoliklinikken.

Infusjon er innføring av væske direkte i blodet gjennom venekanyle. Talet infusjonspasientar har auka merkbart ved Lærdal sjukehus dei siste åra, og dei reknar no med at den nye poliklinikken vil gje rundt 1300 behandlingar dette året.

Tidlegare var forholda langt trongare, og pasientane hadde eitt mindre rom, medan pasientsamtalar og medisinblanding skjedde i andre lokale på sjukehuset. No er alt samla ved den nye poliklinikken.

- Vi er veldig glade for å kunne ta i bruk desse nye lokala, og dermed kunne tilby eit betre og meir eigna tilbod til pasientane, seier stadleg leiar Vidar Øvrebø. - Vi har pasientar som kjem hit meir enn ein gong kvar veke, og er her fleire timar kvar gong. Då betyr det noko at lokalsjukehuset har eit godt tilbod for desse behandlingane.