Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Møtte øyfolket

Godt over 100 personar møtte fram då Helse Førde onsdag kveld heldt folkemøte i Værlandet grendahus. Møtet vart halde for å orientere om styrevedtaket der dei to ambulansebåtane som har vore i område sør, blir erstatta av ein moderne og raskare båt. Denne skal stasjonerast i Solund.

Publisert 01.12.2016
Sist oppdatert 02.01.2024

ei stor folkemengd som sit på stolar inne i eit forsamlingslokale. EIn mann står framfor dei med mikrofon
Avgjerda i styret har skapt sterke reaksjonar på øyane i Askvoll, noko som også kom kraftig til uttrykk i møtet med folket i Bulandet og Værlandet. Fleire av dei som tok ordet gav uttrykk for at dei er uroa for tryggleiken når det i framtida skal vere ein båt i Solund. På møtet kom det også fram at øybuarane på same vis kjenner uro i forhold til den kommunale legevaktberedskapen.

201​​8

Klinikkdirektør Helge Robert Midtbø gjorde det klart at Helse Førde ikkje har planar om å endre dagens tilbod før den nye ordninga er på plass, i praksis vil det neppe skje før frå 2018.

- Vi meiner ein ny og moderne båt der mannskap og ambulansepersonell er i beredskap på vaktrom 24 timar i døgnet året gjennom,  vil gje eit betre tilbod for Værlandet og Bulandet enn det som er i dag.

Vêre​t

Mange var også opptekne av korleis føretaket har tenkt å handtere situasjonar med ekstremvêr, samtidskonfliktar og kva som blir gjort dersom det skjer noko med ambulansebåten.

- Det vil vere dagar der vêret hindrar oss, og det kan komme samtidskonfliktar. Men dette er situasjonar vi har trening i å handtere. Den som vinn anbodet, vil også ha krav om å stille med reservebåt.

Også økonomi var tema. Midtbø gjorde det klart at fordi drifta av båtambulansen skal lysast ut på anbod, kan ikkje føretaket gje ut dei økonomiske vurderingane som ligg til grunn.

Framti​dsretta

- Men denne løysinga blir dyrare enn den vi har i dag. Når vi har valt dette alternativet er det fordi vi trur at det er rett å investere i eit nytt og framtidsretta materiell.

Båten skal kunne gå 35 knop servicefart samanlikna med 25 knop på dagens to båtar, og skal ha besetning i døgnvakt på vaktrom og ei aktiveringstid på maksimum 10 minutt. Det er 15 minutt raskare enn kravet til dagens båt. For å ivareta beredskapen på Atløy i Askvoll vedtok styret å supplere ambulansebåten med taxibåttenester eller anna eigna transportkapasitet.

Helse Førde planlegg også folkemøte på Atløy, i Askvoll og Solund.