Mot 25 millionar i minus
Styret føreset at det vert arbeidd med å redusere kostnadene til Helse Førde så langt råd er inneverande år. Samstundes understreka styret at arbeidet må ha eit langsiktig perspektiv.

Den vanskelege økonomiske situasjonen i Helse Førde blei hovudsaka under gårsdagens styremøte på Nordfjord sjukehus. Sjølv om månadsresultatet for august syner balanse, styrer føretaket mot eit stort underskot i 2017. Økonomidirektør Halfdan Brandtzæg varsla styret om det kan gå mot eit negativt resultat på 25 millionar.
Her kan du lese heile styresaka.
Svekka investeringsevne
- Vi har store utfordringar med å snu drifta slik at vi kan få økonomisk bra resultat i 2017 og 2018. I tillegg er den negative utviklinga i økonomien dramatisk for vår evne til å investere og fornye drifta, sa nestleiar i styret, Atle Hamar.
Også tilsetterepresentantane understreka at utfordringa er formidabel, og var opptekne av at alle må gjere sitt.
- Det er viktig at det blir formidla ut at vi ser på tiltak i alle område av drifta, sa Wenche Røkenes.
Framover mot 2018
Børge Tvedt, konstituert adm. direktør, understreka at det er lagt innsparingskrav på alle dei fire klinikkane.
- Eg skulle ønskt at vi hadde komme lenger med tiltaka vi har arbeidd med for inneverande år, men så er det også slik at vi må bruke tid på å sikre at vi gjer ei rette tinga.
Styret gav uttrykk for at dei ser at det i 2017 blir vanskeleg å nå måla som er sette i budsjettet, men at det må gjerast eit omfattande arbeid mot 2018.
- Hovudutfordringa er det langsiktige, oppsummerte styreleiar Agnes Landstad som også understreka at arbeidet med å få orden i økonomien må ha høgaste prioritet i månadene framover.
Styret gjorde dette vedtaket:
- Styret ber administrerande direktør halde fram arbeidet med omstilling og utvikling som sikrar at føretaket får ei økonomisk forsvarleg drift og investeringsevne.
- Styret føreset at det vert arbeidd med å redusere kostnader så langt som råd i inneverande år.
- Administrasjonen må planlegge for eit driftsnivå for 2018 så nær mogeleg dei føresetnadene som tidlegare er lagt i langtidsbudsjett, og som tek høgde for naudsynt investeringsevne.
- Styret ber administrerande direktør gjere ei ny vurdering av investeringsplan i langtidsbudsjettet utifrå driftsøkonomien.
- Endringsarbeidet skal ha eit langsiktig fokus, på forsvarleg vis skjerme prioriterte område og skje innanfor skisserte linjer for utviklingsarbeidet med Pasientens helseteneste.