Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leiarskifte i Helse Førde

Direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Helge Robert Midtbø, har fått innvilga permisjon for å vikariere som direktør for drift og eigedom.

Publisert 24.04.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​Årsaka til leiarskiftet er at Kjell Inge Solhaug, noverande sjef i drift og eigedom, skal konsentrere seg om forprosjektet «Nye Førde sjukehus». Planen er at forprosjektet skal vere avslutta sommaren 2018.

- Solhaug har ei god stund bedt om å bli friteken frå leiarjobben i drift og eigedom. Arbeidet hans som prosjektleiar for «Nye Førde sjukehus» er så krevjande at det ikkje kan kombinerast med direktørjobben, seier administrerande direktør Jon Bolstad.

Stillinga som kirurgisk klinikkdirektør blir lyst ledig internt som eit vikariat fram til 1. juni 2018. Søknadsfrist er 9. mai. Direktør for medisinsk klinikk, Olav Hesjedal, blir konstituert i kirurgisk klinikk til det er tilsett i vikariatet.
Bolstad seier seg svært glad for at Helge Robert Midtbø har stilt seg til disposisjon:

- Med hans ingeniørbakgrunn og kompetanse innan tekniske fag, ser eg på dette som ei svært god løysing.

Omorganiseringa gjer at arbeidet med forprosjektet for det som skal bli framtidas sjukehus i Førde, blir tilført meir ressursar.

- Vi har i fleire månader no sett at det er heilt nødvendig å setje inn meir krefter for å få ein god prosess i eit så viktig arbeid, seier Bolstad.
Helge Robert Midtbø seier at han sjølv ser på jobben han no går inn i som svært attraktiv:

- Med min bakgrunn er dette ei stilling eg ser på som nærast skreddarsydd for meg. Eg ser det som ei stor utfordring, og meiner også eg kan vere med å bidra positivt og støttande inn mot arbeidet med «Nye Førde sjukehus». Bakgrunnen for at eg har søkt permisjon er at totalbelastninga mi i dag, med ei krevjande stilling som klinikkdirektør og ei aktiv rolle utanfor arbeid med bl.a. politisk arbeid, gjer at det er rett for meg å redusere denne belastninga. Stillinga som direktør for Drift og Eigedom blir nok også krevjande, men eg håpar at totalbelastninga på meg vert noko mindre enn i dag, seier Midtbø.