Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kontaktsenter skal gjere det enklare å ringje sjukehuset

Helse Førde ønskjer å gjere det mykje lettare for deg å få god hjelp når du ringjer sjukehuset. Du skal få raskt svar, og med enkle tasteval på telefonen kjem du til rett plass for hjelpa eller opplysningane du er ute etter.

Publisert 22.03.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

Open linje - nsh.jpg

Meir effektivt i telefonen: Ingrid Myklebust og Wenche Svoen klare til å svare ved Nordfjord sjukehus.

Slik vil det bli dersom Helse Førde lukkast med prosjektet «Open linje», som startar ved utvalde pilotavdelingar i dag onsdag 22. mars.

Raskare og bedre telefonservice

- Vi har god tru på at vi skal klare å gje pasientar og pårørande som ringjer oss god og effektiv hjelp på telefonen, seier Laila Vilnes Helgheim som leiar prosjektet i Helse Førde. – Det er rett og slett snakk om å gje dei som ringjer betre service, ei betre kundeoppleving.

«Open linje» er del av det store Alle Møter-programmet i Helse Vest. Bakgrunnen for satsinga  er at telefontenestene har vist seg å vere svært utfordrande i sjukehusa. Visste du at tre av ti som ringjer poliklinikkane i Helse Vest, ikkje får svar? Vi veit at mange pasientar og pårørande har opplevd lang tid i telefonkø og varierande grad av service. Dette ønskjer vi no å få slutt på, og løysinga vi har valt heiter kontaktsenter.

Tverrfagleg kontaktsenter

Dette blir ei tverrfagleg telefonteneste der seks avdelingar / klinikkar ved Førde sentralsjukehus og to ved Nordfjord sjukehus er representerte i pilotprosjektet. Dei som svarer sit i same rom, og kan svare på spørsmål rundt sjukehustimen din eller hjelpe deg med å endre på timen.

Medarbeidarane i kontaktsenteret har erfaring frå både sentralbord og klinikkane, og skal jobbe tett saman for å gje dei som ringjer best mogeleg service.

Fire tasteval

- På denne måten vil vi kunne gjere det lettare for pasientar og pårørande å komme gjennom på telefonen, gje dei betre hjelp ved å samarbeide på tvers, seier Laila Vilnes Helgheim. – På same tid håpar vi å avlaste poliklinikkane for telefonar, slik at dei får mest mogeleg tid til å ta seg av pasientane som kjem.

Pasient eller pårørande som ringjer får velkomstmelding og desse tastevala: «Tast 1 – spørsmål om time/tilvising, tast 2 – endring av time/avbestille time, tast 3 – medisinske spørsmål, tast 4 – andre spørsmål».

Open linje.JPG

Har vore med på å førebu kontaktsenteret: Bakerst frå venstre: Merethe Storegjerde, regional prosjektleiar i «Open linje», Arne Heggheim,  leiar  i serviceseksjonen, Per Anders Hornnes, seksjonsleiar revmatologisk poliklinikk, Trine Dyregrov, seksjonsleiar service psykisk helsevern. I midten frå venstre: Torill Kjøllesdal Kriken, seksjonsleiar serviceseksjonen Nordfjord sjukehus, Elin Ese, einingsleiar nevrologi. Framme frå venstre: Hanne Bildøy, seksjonsleiar medisinsk serviceseksjon, Reidun Brekke, seksjonsleiar radiologi og Laila Vilnes Helgheim, prosjektleiar «Open Linje» i Helse Førde.