Imponert over Helse Førde
Helseminister Bent Høie gav uttrykk for at han er imponert over Helse Førde etter besøket i Florø og Førde fredag.

- Dette er jo fantastisk, sa statsråden etter å ha blitt orientert og fått omvising på smertepoliklinikken ved Sunnfjord medisinske senter i Florø.
Og etter å ha blitt orientert om byggjeplanane ved sentralsjukehuset i Førde om ettermiddagen, gav Høie uttrykk for at det blir arbeidd på ein god måte.
- Utgangspunktet i Helse Førde er svært godt. Vi kjenner til dei gode resultata føretaket har både på ventelister og kvalitetsindikatorar. Det er resultat å byggje på.
Smertepoliklinikken som opna i sommar skal yte tenester til pasientar med smerteplager med kronisk preg, eller fare for det. Målet er å lindre smerter og/eller gi betre smertemestring. Tilbodet vert tilpassa den einskilde sitt behov, med tilbod om systematisk arbeid og ambulante tenester.
I Florø fekk ministeren møte tilsette og pasientar.
- Skilnaden her er den tverrfaglege tilnærminga. Og så at eg blir teken på alvor. Eg blir trudd, fortalde Valbjørg Vikane som har slite med kroniske smerteplager i 16 år.
Etter å ha høyrt om måten det blir jobba på i Florø, var responsen frå Høie klar:
- Dette er fantastisk, det er verkeleg pasientens helseteneste.

Etter besøket i Florø drog statsråden til Førde og fekk ei orientering om arbeidet med «Nye Førde sjukehus». Konstituert adm. direktør Børge Tvedt la ikkje skjul på at føretaket er inne i ein krevjande periode økonomisk, og at dette er utfordrande med tanke på dei store investeringane som skal skje dei kommande åra.
- Det er krevjande å finansiere låneopptak og 30 prosent av investeringa gjennom drift. Vi ligg bak budsjett i år og har eit utfordrande langtidsbudsjett. Ein vesentleg del av kutta må takast ut i reduserte løns- og personalkostnader, sa Tvedt.
Statsråden gav uttrykk for forståing at økonomien er krevjande.
- Men Helse Førde har trass alt eit godt utgangspunkt. Det hadde vore meir krevjande om fundamentet lyste raudt, meinte Bent Høie.

Som avslutning på sitt besøk ved Førde sentralsjukehus fekk Høie gleda av å opne det flunkande nye bygget til den interkommunale legevakttenesta. Han klipte snora til Sunnfjord og Ytre Sogn si legevakt. Han likte det han såg av fasilitetar inne i bygget.
- Dette er også i aller høgste grad pasientens helseteneste, sa ministeren.
Administrerande direktør i Helse Førde helsa SYS IKL velkomen i nybygget. Han var glad for at kommunane valde legevaktplassering ved Førde sentralsjukehus. Dette var eit avgjerande punkt for at Helse Førde kunne realisere nybygget.