Helse Førde har fått ungdomsråd
Fem engasjerte ungdommar har tatt plass i Helse Førdes nye ungdomsråd. Dei ønskjer å bli endå fleire, og oppmodar andre unge om å ta kontakt.
Publisert 26.02.2018
Sist oppdatert 02.01.2024
I nasjonal helse- og sjukehusplan 2016 - 2019 går det fram at regjeringa ønskjer at helseføretaka skal etablere ungdomsråd, og også Barneombodet har vore tydeleg på at ungdomsmedisin bør prioriterast høgare.
Auka brukarmedverknad frå barn og unge vil understørre pasienttryggleiken for denne gruppa, og vere med på å ivareta deira interesser i det omfattande utviklingsarbeidet som ligg føre oss i Helse Førde.
Les meir om kven som sit i det nyetablerte ungdomsrådet vårt i denne artikkelen i avisa Firda.