Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gjennomgang av omorganiseringsprosessen i Helse Førde

Helse Førde sitt arbeid med omstilling og organisasjonsendring det siste halvåret har skapt uro i organisasjonen. Dei tillitsvalde har uttrykt sterk kritikk av dette arbeidet. Styret i føretaket har difor vald å knytte til seg ekstern kompetanse for å gjere ein uavhengig gjennomgang av aktuelle problemstillingar.

Publisert 25.11.2016
Sist oppdatert 02.01.2024

- Helse Førde står framfor store utbyggingar og endringar, og i denne samanhengen er det nødvendig å sjå på korleis vi organiserer oss internt. Det er ein del av den nødvendige omstillinga, som er krevjande i ein så stor og mangearta organisasjon som Helse Førde, seier fungerande styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad.  - Men når styret får varsel og meldingar om uro, tek vi det på største alvor og ønskjer difor ekstern bistand for å klargjere situasjonen. Dette er i tråd med føretaket sine prosedyrar.  

Konsulentfirma

Det er konsulentfirmaet AFF som er hyra inn for å koordinere og leie dette arbeidet. Dei ulike fagforeiningane har vore positive til at eksterne aktørar blir henta inn i arbeidet, og det same gjeld vernetenesta i føretaket. 

- Vi stiller oss bak denne framgangsmåten, seier både Wenche Røkenes, føretakstillitsvald for NSF i Helse Førde, og Berit Hornnes, som er hovudverneombod i føretaket.

Utviklingsarbeidet knytt til Pasientens helseteneste for øvrig held fram, og gjennomgangen AFF skal gjere gjeld mest prosessar som har vore.

Noko å lære av

- Dette er også ein sjanse for oss som organisasjon til å sjå på oss sjølve med eit kritisk blikk, og det kan godt hende at alle partar kan hauste gode læringspunkt ut av dette. Dette gjenstår å sjå, seier Agnes Landstad.

Helse Vest, som eig Helse Førde, har også uttrykt støtte til framgangsmåten som er valt. Helse Førde har vedteke å utvikle Pasientens helseteneste, og har planlagt store utbyggingar og ombyggingar fram mot 2025. Å utvikle og tilpasse eigen organisasjon til desse måla blir heilt sentralt for å lukkast i arbeidet.