Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Går for mellombels båtambulanseløysing

Administrasjonen rår styret i Helse Førde til å inngå ein mellombels avtale om båtambulanse for dei to neste åra i område sør. Då skal ein permanent, topp moderne båt vere på plass i Solund slik styret vedtok i fjor haust.

Publisert 17.11.2017
Sist oppdatert 02.01.2024

​På grunn av at det tek tid å lage kravspesifikasjon, lyse ut, gjere ny avtale, byggje og få på plass den nye båten, må Helse Førde syte for å dekke inn denne tenesta i mellomtida. Den toårige kontrakta har vore lyst ut på anbod, og det er kome inn tilbod som samla ligg omlag på nivå med kostnadene føretaket har på dei to båtane som opererer området i dag.

Dersom styret går for denne løysinga, tyder det at ordninga med to båtar, ein i Askvoll og ein i Solund, blir vidareført fram til ny båt er på plass. I kontraktane for den mellombelse perioden, får Helse Førde også ei kvalitetsheving med noko skjerpa krav til både fartøy og maritimt mannskap.