Førde blir senter for Pasientreiser
Pasientreiser i Førde får ansvaret for alle saker som gjeld reiser utan rekvisisjon i Helse Vest. Vi tek over oppgåvene som tidlegare vart handtert hjå Pasientreiser i dei andre føretaka i Helse Vest.
I tillegg beheld Førde ansvaret for reiser med rekvisisjon. Med dette vil Førde kunne halde på dei åtte stillingane som er knytt til dette, medan desse funksjonane forsvinn frå dei andre helseføretaka.
Kvart år er det om lag 150 000 saker som omfattar rundt ein million reiser der pasientar søkjer refusjon for reiser til behandling i region Vest. Dette gjeld reiser til behandlingar både i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.
Det er lagt opp til ei elektronisk løysing der pasienten kan logge seg inn på portalen helsenorge.no, og slik spare tid og porto.
Denne løysinga kjem til å bli vidare utvikla framover, slik at stadig fleire kan bruke den. No i starten er det berre enkle reiser som kan leggast inn, men allereie før jul i år kan ein legge inn meir komplekse saker. Dei som helst vil nytte den tradisjonelle løysinga med papirskjema har stadig mogelegheit til det.
- Vi er stolte og glade i dag, og ser fram til å yte god brukarstøtte, informasjon og rettleiing til alle som nyttar Pasientreiser i heile region Vest, seier avdelingssjef Vidar Øvrebø i Pasientreiser i Førde.
TAR HEILE REGIONEN: Avdelingssjef Vidar Øvrebø i Pasientreiser i Førde er glad for å bli tilført nye, regionale oppgåver. Trass i forenkla behandling av dei vanlegaste sakstypane blir det fullt opp med arbeid til åtte stillingar i Førde.