Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sterk auke i ADHD, autisme og utviklingsforstyrring blant unge

Nytt helseatlas viser at ADHD, autisme og utviklingsforstyrring blant unge skaut i veret mellom 2019 og 2023.

Publisert 13.01.2025
Sist oppdatert 11.02.2025
Ei gruppe menneske som poserer for eit bilde
Helseatlasteamet i Helse Førde. Frå venstre: Oddne Skrede, Knut Ivar Osvoll, Haji Kedir Bedane, Guro Mjanger, Jagrati Jani-Bølstad og Sweta Tiwari.

Psykiske plager er av dei vanlegaste helseproblema blant barn og unge. Det nye Helseatlas for psykisk helsevern for barn og ungdom påviser ei sterk auke (over 50 prosent) i bruken av helsehjelp for ADHD i perioden 2019 til 2023. Vidare viser atlaset at langt fleire gutar enn jenter fekk behandling for denne lidinga. Ungdom sin kontakt med behandlingsapparatet auka også markant for dei med autisme og utviklingsforstyrring i denne 4-årsperioden.

Det nye helseatlaset viser også at det er generelt små geografiske forskjellar på kor mange barn og unge som får poliklinisk behandling for psykiske lidingar, altså behandling utan å bli innlagt, i spesialisthelsetenesta i Norge. Men for enkelte typar lidingar kan skilnadene vere til dels store, og forskjellane mellom helseføretaka er store på forløps- og ventetidene. 

I helseatlaset ser vi også at tre gonger fleire ungdommar i Finnmark og Oslo (Lovisenberg sjukehus) får behandling for depresjon, samanlikna med ungdom i Helse Sørlandet HF sitt område. Dette trass i at det ikkje finst belegg for å hevde at ungdom i hovudstaden og i Finnmark er meir deprimerte enn unge i Helse Sørlandet. 

Det nye helseatlaset viser elles jamt over små nasjonale skilnader på kor mange unge som får poliklinisk behandling (behandling utan å bli innlagt) for psykiske lidingar i ulike deler av landet, men for ein del typar enkeltlidingar kan skilnadene vere til dels store. 

- Der vi påviser forskjellar i tilbod, behandling eller bruken av helsetilbodet, kan det ha samanheng med fleire forhold. Nokre gonger er dette forskjellar som kan forklarast, og som bør vere der, men slett ikkje alltid, seier Oddne Skrede, som er seniorrådgjevar og medlem av gruppa som har utarbeidd det nye helseatlaset.
 
Helseatlas-gruppa i Helse Førde har tidlegare publisert fleire utgåver av Helseatlas som gjeld ulike somatiske (kroppslege) lidingar. Samanlikna med desse tidlegare  utgåvene tyder funna i dette nye helseatlaset på at det er større grad av likeverdige helsetenester innan psykisk helsevern for barn og ungdom enn kva som er tilfellet innan somatikk. Likevel er det tydelege ulikskapar mellom enkelte lidingar også innan psykisk helsevern for barn og unge. 

- Det har vore mykje offentleg fokus på psykiske helsetenester for barn og unge, spesielt under og etter pandemien. Dette atlaset gir verdifull innsikt i variasjon i bruk av slike helsetenester i Norge, både over tid og mellom geografiske område. Analysane bør vekkje nysgjerrigheit og diskusjon i fag- og brukarmiljø over heile landet, og kan bidra til at tenestene utviklast til å bli meir likeverdige og rettferdig fordelt, seier psykologspesialist Lars Ravn Øhlckers frå Helse Stavanger, som har bidratt i arbeidet med atlaset.  

 

FAKTA/Helseatlas

  • I Norge er det eit mål at befolkninga over heile landet skal ha eit likeverdig, men ikkje nødvendigvis likt, tilbod av helsetenester - på tvers av geografi og sosiale grupper.
  • Helseatlas er eit verktøy for å samanlikne befolkninga si bruk av helsetenester i ulike geografiske område, uavhengig av kor pasientane blir behandla. Helseatlas er eit viktig hjelpemiddel for politikarar, fagmiljøa og styresmaktene for å finne ut om det offentlege helsevesenet yter likeverdige helsetenester over heile landet.
  • Dei regionale helseføretaka har eit “sørge for-ansvar» for at befolkninga i deira opptaksområde får forsvarlege spesialisthelsetenester. Dette “sørge-for-ansvaret» ligg til grunn for analysane av variasjon i bruk av helsetenester. Ved funn av uberettiga variasjonar kan dette bety at «sørge for-ansvaret» ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt.
  • Helseatlas er utvikla av Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord, og blir laga saman med Helse Førde (Helse Vest). Det var i 2015 at Helse Nord og Helse Vest fekk i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å utvikle eit nasjonalt helseatlas, i samarbeid med Helsedirektoratet. 

Webinar 5. februar

Velkommen til webinar om det nye helseatlaset for psykisk helsevern for barn og unge, onsdag 5. februar kl. 13:00-14:00. Ingen påmelding er nødvendig - berre klikk deg inn digitalt! Les meir og delta her

Opptak av webinaret for det nye helseatlaset psykisk helsevern for barn og unge.