Snart møter du dei på sjukehuset
Det har vore mykje planlegging, og mykje som måtte på plass. Men no nærmar det seg, og korpset med dei første frivillige er ferdig kursa og klar til innsats på Førde sentralsjukehus.
I løpet av få veker skal det nye korpset av frivillige vere i gang med sitt virke på sjukehuset. Vel 20 frivillige gjekk førre veke gjennom to dagar med allsidig opplæring innan tema dei må kunne for å kunne fungere i rolla som frivillig ved sjukehuset; blant anna brannvern, etikk, jus/teieplikt og hjarte- og lungeredning (teori).
Dei frivillige skal vere tilgjengelige for pasientar som har behov for litt hjelp eller rettleiing, anten det er i ventesoner, i korridorar ved poliklinikkar, eller ved ein sengepost. Oppgåvene blir blant anna å hjelpe pasientar rundt om, vise veg og svare på spørsmål frå pasienter og pårørande.
Frivilligkorpset er eit supplement til det profesjonelle arbeidet på sjukehuset og skal ikkje på nokon måte overta eller erstatte fagmiljøa sine arbeidsoppgåver. Dei frivillige skal bidra til å avlaste øvrig personale for pågang, trygge pasientane og gje dei ei betre oppleving i møtet med eit sjukehus mange kan finne både stort og uoversiktleg.
Du kan kjenne att frivillige på den grøne uniformen. Planen er at dei skal gå vakter to og to på kvardagar.
Oppgåvene til dei frivillige kan vere mange ulike, blant anna:
- Gjere små tenester for pasientar, for eksempel å handle
- Vise veg til dit pasienten skal
- Hjelpe med å finne rullestol ved behov
- Svare på praktiske spørsmål
- Følgje pasientar til taxi
- Halde pasientar med selskap
- Vere saman med pasientar når dei er på venterom