Rekordmange brukar digitale helsetenester
Stadig fleire av konsultasjonane i Helse Førde blir gjort via telefon eller video. Det er også svært stor auke i andre typar digitale kontaktar. Slik unngår mange pasientar sjukehusreiser som kan vere lange, tidkrevjande og kostbare.

I 2024 vart over 22 600 konsultasjonar i Helse Førde gjennomført digitalt, noko som er ein auke på 3 000 konsultasjonar samanlikna med året før. 13,2 prosent av alle konsultasjonar i føretaket vart gjennomførte ved hjelp av video eller telefon. Det er to prosent fleire enn året før.
Også bruken av såkalla digitale kontaktar, det vil seie digitale tilbakemeldingar eller datarapportar frå pasient (t.d. sms/checkware, Norse CPAP oksygenmasker eller ICD/pacemaker fjernrapportering) auka kraftig i Helse Førde - frå 2 500 i 2023 til vel 4 000 i fjor.
- Utviklinga er gledeleg. Vi skal bruke digitale verktøy så sant vi kan gje like god helsehjelp som ved fysiske konsultasjonar. Det sparer tid for pasientar og reduserer reisebelastning. Helse Førde sparar pengar på reiser og, i mange tilfelle, også personalressursar, seier administrerande direktør Arve Varden. - Mykje av veksten skuldast at vi er blitt flinkare til å tenke digitale helsetenester gjennom heile pasientforløpa, og vurderer når i forløpa det passar å bruke telefon eller videokontakt.
Det er naturleg nok stor forskjell mellom dei ulike fagområda, avdelingane og klinikkane når det gjeld bruk av video og telefon. Prosentvis er bruken størst i psykisk helsevern. Begge dei somatiske klinikkane hadde auke i bruken av digitale konsultasjonar i 2023, medisinsk klinikk hadde aller størst auke.
Med over 13 prosent digitale konsultasjonar er Helse Førde best av Helse Vest-føretaka, og vi nærmar oss det nasjonale målet om 15 prosent digitale konsultasjonar. Det viktige er at alle fagområde vurderer nøye kor tid det er mogeleg og riktig å bruke digitale verktøy. Vi ser det er stadig auke i kva avdelingar og fagområde som tek i bruk digitale helsetenester, og stadig fleire pasientgrupper.
Bruken av digitale helsetenester sparer pasientane for mykje tid og reising. I 2024 sparte pasientane våre 2 496 698 kilometer kjøring til og frå næraste sjukehus ved å ha videokonsultasjon, telefonkonsultasjon eller andre digitale kontaktar med sjukehuset. Distansen er rekna frå kommunesenteret i pasienten sin heimstadkommune til næraste sjukehus.