No realiserer vi helseklynge i Sogn og Fjordane
25 interessentar står klare til å vere med på realisere ei helseklynge for Sogn og Fjordane.

Foto: Jostein Vedvik
Bak helseklynga står Høgskulen på Vestlandet (HVL), Universitetet i Bergen (UiB), Sunnfjord kommune og Helse Førde. Sunnfjord utvikling skal vere prosjekteigar i startfasen. Helseklynga vart presentert på dagens Helseinnovasjonskonferanse i Førde.
Initiativet til å etablere helseklynga i Sogn og Fjordane kjem som eit svar på det framtidige behovet for kunnskap og nyskaping i helsesektoren. Utvikling av gode, smarte løysingar i møtet mellom helsefag og teknologi er avgjerande for å løyse oppgåvene i framtidas helsesektor. Arbeid utifrå eigne helseklynger har gjeve gode resultat andre stader i landet.
Initiativtakarane er no klare for å utvikle ei slik helseklynge med ulike næringslivs-, kunnskaps- og kapitalmiljø saman med kommunar og frivillig sektor som sentrale drivkrefter.
- Vi ser eit stort framtidig behov for ein slik motor for å utvikle produkt og tenester i vår region, og kombinasjonen privat og offentleg samarbeid er ein arbeidsmåte alle kan tene på, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, som blir styreleiar i helseklynga.
Samarbeidspartane har fått på plass finansiering til eit treårig oppstartsprosjekt. Målet er å etablere ei permanent helseklynge i Sogn og Fjordane i 2028. Bak finansieringa står Vestland fylkeskommune (1,5 millionar kroner), SpareBank 1 Sogn og Fjordane/Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (3 millionar) pluss dei fire nemnde partane (1,8 millionar). Sunnfjord Utvikling vert prosjekteigar, og skal tilsette ein klyngeleiar.
- Dette er eit spennande prosjekt som vil gje gode ringverknadar for helse, næringsliv og utdanning. Vi trur helseklynga vil sette regionen på kartet innan helseinnovasjon både nasjonalt og internasjonalt, og er glad for å kunne bidra med midlar til dette, seier administrerande direktør Trond Teigene i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Klyngeleiaren får kontor i fellesskapet til Helseforsking Sogn og Fjordane i Førde, og skal jobbe for å skape aktivitet og synleggjere heile regionen. Helseforsking Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom HVL og Helse Førde.
UiB og HVL samarbeider også om å skape grunnlag for ein framtidsretta helsecampus på sjukehus- og høgskuleområdet på Vie. Frå 2028 vil også medisinstudentar (Vestlandslegen) bli ein del av utdanningsmiljøet her. Samla vil dette styrke kompetansemiljøet og gjere Førde og regionen til ein meir attraktiv studie- og arbeidsstad.
Suksessfaktoren blir å skape relevant aktivitet og sikre god oppslutnad frå aktuelle aktørar. I tillegg til dei fire initiativtakarane, har 25 aktørar frå offentleg og privat sektor underteikna intensjonsavtalar om å ta del i etableringa.
Dei ulike aktørane i helseklynga
- Stryn kommune
- Helse Vest IKT
- Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester
- IT-Forum Vest
- Connect Everything
- Stad kommune
- Sogn Næring
- Kunnskapsparken Vestland
- Førde vidaregåande skule
- Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter
- Gloppen kommune
- AKA Free Hands
- DigiPlate
- Norse Feedback
- Bano
- Fjaler kommune
- Sunnfjord Utvikling
- Carasent
- Pace Healthcare
- Aksello
- Sogn og Fjordane Næringsråd
- Retrams
- Vestlandsforsking
- Tirna
- Peak Venture
Vi realiserer ei helseklynge i Sogn og Fjordane. Sjå introduksjonsfilmen.
Ian Aannevik | Filmskaper | Photoevent