Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innfører kamerakontroll på korttidsparkering

Frå og med mars 2025 innfører Helse Førde kamerakontroll på plassane for korttidsparkering nærast hovudinngangen ved Førde sentralsjukehus. Følg reglane som gjeld i dette området, så slepp du å betale gebyr!

Publisert 25.02.2025
Kart parkering FSS
P-området som no får kamerakontroll er sirkla inn med raudt nedst til venstre på dette kartet.

Helse Førde innfører kamerakontroll på korttids-, blodgjevar- og handicapparkeringane nær hovudinngangen ved Førde sentralsjukehus.

Kamera les registreringsnummer, kva tid du kjører inn og kva tid du forlet området. Tid ut over 15 minuttar vil gje bileigar gebyr på 50 kroner per påbegynt halvtime.

Tilsvarande reglar gjeld for korttidsparkeringa ved legevakta SYS IKL. 

  • Personar som skal gje blod registrerer skiltnummer på skjermen som er plassert i ventesona til blodbanken, og kan då stå gratis i inntil 2,5 timar.
  • Personar med gyldig handicapkort må registrere skiltnummer i resepsjonen, og kan då stå gratis i inntil 8 timar. 

Merk at parkering på dei øvrige parkeringsfelta på sjukehusområdet framleis er gratis, så lenge du parkerer i samsvar med skilting og oppmerking.