Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helseinnovasjonskonferansen blir arrangert for femte gong

Helse Førde er hovudarrangør for Helseinnovasjonskonferansen 2025, som i år feirar 5-års jubileum. I samarbeid med 10 solide medarrangørar er det laga eit rikhaldig og spennande program. I 2025 set vi fokus på krafta i samarbeid, og viktigheita av å jobbe i fellesskap for å løyse dei store utfordringane i helsesektoren. 12. til 13.februar vert det to dagar med fagleg påfyll og nettverksbygging.

Publisert 12.02.2025
et bilde av en plakat med tekst

Ved å «redesigne» helsetenestene opnar det opp for spennande moglegheiter for meir offentleg-privat-samhandling. Konferansen legg til rette for at næringsliv, utdanningssektor, kommune- og spesialisthelsetenesta og frivillig sektor kan jobbe saman i eit verdiskapande samspel.    

- Vi i Helse Førde treng å samarbeide med våre omgjevnader for å løyse morgondagens utfordringar i helsesektoren. Som ein stor samfunnsaktør har vi ein viktig rolle i å bidra til auka verdiskapinga i vår region. Gjennom offentleg privat samarbeid kan vi få til mykje meir enn vi kan klare kvar for oss. Innovasjon skjer når menneske møtast og deler kunnskap og idear, seier Varden.  

Konferansen har dei siste gongane blitt gjennomført digitalt, men i år skal den arrangerast fysisk i dei flotte konferanselokala på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Her blir det panelsamtalar om dei krevjande tinga, gode innlegg om innovative måtar å gjere ting på, nye teknologiske løysingar, bedrifter på stand, spanande prosjekt, gründerbedrifter og ikkje minst deltaking frå mange interessante menneske og miljø. 

Tema og foredragshaldarar 

Konferansen er ein viktig arena for å vise fram innovative løysingar i helsesektoren, og byr på fleire innhaldsrike tema i løpet av to dagar. Heile åtte spennande tema, som dreier innom alt frå framtidas helsetenester, korleis inkludere barn og unge, tenesteinnovasjon, teknologi, kunstig intelligens og deling av helsedata vil bli belyst på konferansen. 

I tillegg vil konferansen treffe innom helsenæring som ei nasjonal eksportsatsing, og sette tempo, takt og tone for helseinnovasjon framover. 

Vi er stolte av å presentere eit innhaldsrikt program der heile 37 kunnskapsrike personar vil bidra med innlegg frå scena. Årets foredragshaldarar er ein god blanding av både eigne tilsette og tilreisande frå fjern og nær, og representerer fleire sektorar og fagområde; stortingsrepresentant, klinikarar, forskarar, næringslivsleiarar, utdanningssektoren, kommunesektor, gründerar og verkemiddelapparatet.    

- Vi er stolte av konferansen, og ser på denne arenaen som fin for å lære av andre og på same tid få vise fram nokre av våre dyktige medarbeidarar som jobbar med innovative prosjekt, avsluttar Anne Kristin Kleiven. 

Meir informasjon

Helseinnovasjonskonferansen går av stabelen 12. – 13.februar 2025.