Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt brukarutval i Helse Førde

Brukarutvalet blir fornya kvart 2. år, og har to representantar med tale- og forslagsrett i styret for Helse Førde.

Publisert 31.01.2025
Ei gruppe menneske som poserer for eit bilde
Frå venstre: Judith Kapstad, Anette Vågene Shanks, Kjell-Wernik N.Skarmyr, (Kommunal representant) Arne Hovland (nestleiar), Solfrid Honningsvåg, Stein Erik Øvrebø, Hildegunn Aamot Dahl, Hege Mohlin, Monica Vederhus, Gerd Torkildson, Eysteinn Udberg, Ingvild Standnes, Michael Milde, Gunn Sande, Børge Tvedt (Helse Førde sin representant), Marita Aarvik (leiar), Magne Sellevold, Dagrun Kyrkjebø (vara frå Helse Førde) Brit Galaasen, Gunnlaug Nes-Berg (sekretær). Ikkje tilstades under fotografering: Silje Katrine Vangsnes, Rita Tonning, Ole Bjørn Steinseth og Cecilie Udberg-Helle.

Involvering og medverknad frå brukarane av tenestene er viktig for å sikre gode og likeverdige helse- og omsorgstenester.

​Brukarutvalet skal sjå til at den brukarmedverknaden som er føresett i lovverket og i rammeavtalen mellom Helse Førde og kommunane, med tilhøyrande delavtalar, vert ivareteken.

Utvalet skal bidra med sine kunnskaper som grunnlag for å utforme og gjennomføre tenestene. I dette skal det og aktivt medverke til utvikling, innovasjon og forbetring av tenestene.

Brukarutvalet skal normalt ikkje handsame saker som omfattar éin enkelt kommune, men skal sjå til at brukarmedverknaden vert ivareteken i samarbeid som omfattar fleire kommunar og/eller Helse Førde HF.

Brukarutvalet skal ha minst 10 medlemar frå aktuelle brukarorganisasjonar, og desse blir oppnemd for to år om gongen. 

I brukarutvalet møter også ein fast representant frå føretaksleiinga i Helse Førde og ein fast representant frå KS/kommunane.

Det nye brukarutvalet i Helse Førde, og kven dei representerer:

Marita Aarvik    FFO LHL
Arne Hovland    FFO Hørselshemmedes landsforbund Vestland
Eystein Udberg    Rusettervernet
Gerd Torkildson    SoF pensjonistforbund
Gunn Karin Sande    Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Anette Vågene Shanks    FFO, LPP(Landsforeningen for pårørende psykisk helse)
Silje Katrine Vangsnes    Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Brit Galaasen    SAFO, NHF (Norges handikapforbund)
Stein Erik Øvrebø    SAFO, NFU (Norsk forbund for utviklingshemmede)
Michael Milde    Norges Blindeforbund SoF
Magne Sellevold    Kreftforeninga
Kjell-Wernik S. Nystøyl    Kommunane
Børge Tvedt    Helse Førde

Varafolk:  
 
Ingvild Standnes    SoF pensjonistforbund
Rita Tonning    Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Monica Vederhus    Rusettervernet
Hildegunn Aamot Dahl    FFO – MS-foreningen
Cecilie Udberg-Helle    FFO – Mental helse
Solfrid Honningsvåg    FFO – Norsk revmatikerforbund
Hege Mohlin    FFO – Norsk revmatikerforbund
Ole Bjørn Steinseth    Kreftforeninga
Judith Kapstad    Eldrerådet Sunnfjord kommune
Dagrun Kyrkjebø    Helse Førde