Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil du bli frivillig i Helse Førde?

I ein travel kvardag på Førde sentralsjukehus er det mange oppgåver du som frivillig kan hjelpe til med.

Publisert 11.11.2024
Sist oppdatert 12.11.2024
Ei gruppe folk samla rundt eit møtebord
BLI FRIVILLIG I HELSE FØRDE: Bildet er frå eit informasjonsmøte for frivillige organisasjonar i Førde og omegn.

Som frivillig vil du vere tilgjengelig i ventesoner og i korridorar ved poliklinikkar eller vere til hjelp ved ein sengepost – oppgåvene dine blir blant anna å vise veg, og svare på spørsmål frå pasienter og pårørande.

Frivilligkorpset er eit supplement til det profesjonelle arbeidet på sjukehuset og skal ikkje ta over fagmiljøa sine arbeidsoppgåver. 

For helsepersonell klarer ikkje å vere over alt heile tida, og her kan dei frivillige bidra til avlastning og gje pasientane ei betre oppleving i møtet med sjukehuset.
 
Du treng ikkje ha helsefagleg kompetanse for å bli frivillig. Lurer du på om ei teneste kan utførast av deg som frivillig, må du spørje deg sjølv om pasienten treng helsepersonell eller tenester som krev helsefagleg kompetanse. Dersom dette er tilfelle, er det ikkje ei oppgåve for ein frivillig.
 
Som frivillig får du opplæring i førstehjelp og branntryggleik, og du må underteikne ei avtale om teieplikt. 

Oppgåvene til dei frivillige er mange, og kan blant anna vere: 
 
•    Gjere små tenester for pasientar, for eksempel å handle
•    Vise veg til dit pasienten skal
•    Hjelpe med å finne rullestol ved behov
•    Svare på praktiske spørsmål
•    Følgje pasientar til taxi
•    Halde pasientar med selskap
•    Vere saman med pasientar når dei er på venterom
 
Med dei frivillige får pasientene det lille ekstra som ikkje er ein del av dei ordinære arbeidsoppgåvene i avdelingane.

Som frivillig er du lett kjenne att i den lysgrøne uniformen din. Dersom du trur dette kan vere noko for deg og ønskjer å bidra – ikkje nøl med å kontakte Håvard Nesse Røneid på telefon 996 02 854.