Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Statsministeren opnar Livabygget

Statsminister Jonas Gahr Støre skal førestå den offisielle opninga av Livabygget ved Førde sentralsjukehus i morgon, tysdag 20. august.

Publisert 19.08.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
Statsminister Jonas Gahr Støre
Statsminister Jonas Gahr Støre opnar det nye Livabygget ved Førde sentralsjukehus. (FOTO: NTB)

Opningsseremonien vil skje utanfor det nye sjukehusbygget tysdag mellom klokka 11.00 og 11.45, med musikkinnslag og talar. I samband med opninga skal statsministeren møte tillitsvalde og leiinga i Helse Førde. Støre skal også få ei omvising i nybygget før opningsseremonien. I etterkant av den høgtidlege opninga vert det opningsfest for inviterte gjestar.

Diagram
Seremonien finn stad på det merka området sør for Livabygget.

Seinare i veka, fredag 24. august, inviterer Helse Førde til publikumsdag der interesserte kan få ein guida tur i nybygget mellom klokka 11 og 17. På publikumsdagen kan folk sjå seg om i nybygget, og planen er at grupper på ti til femten  personar skal få ein guida tur i etasjane. Rundturen startar og sluttar ved varemottaket utanfor Livabygget. 

Det nye Livabygget er ein vesentleg del av den omfattande moderniseringa av sjukehuset i Førde som har gått føre seg over fleire år.
Med over 100 nye sengerom, dei aller fleste einsengsrom, vil pasientane få ei ny og betre oppleving av sjukehusopphaldet. Kvinneklinikken kjem med nye fødestover, ny sengepost for føde- og barselomsorg samt ny avdeling for barn. Livabygget får ti nye operasjonsstover som avsløyser dei gamle stovene frå slutten av 1970-talet. Nybygget kjem dessutan  med fleire nye og avanserte spesialrom som aukar kapasiteten på undersøkingar og utgreiingar.

Førde sentralsjukehus stod ferdig i 1979. Sidan då har sjukehuset blitt påbygd fleire gonger. Største moderniseringa har skjedd dei siste åra med Dagabygget, nybygget for psykisk helsevern som vart opna i 2021, og no altså Livabygget.