Nye akuttsekkar i ambulansane
Ambulansetenesta har nyleg teke i bruk nye akuttsekkar i alle ambulansar i Helse Førde. Det er snakk om fire nye sekkar i kvar bil, totalt nærare 200 stk.

Gjennom eit interregionalt anbod har ambulansetenesta fått utvikla nye og tilpassa akuttsekkar til ulike formål. Dei skal fungere i ulike miljø og tole ytre påverknad i eit prehospitalt miljø.
Videoen viser korleis sekkane er bygde opp:
For vår del har mange av sekkane vore i bruk over svært lang tid. Utviklinga har vore eit samarbeid med tilsette og leverandør både med omsyn til praktiske løysingar og produktkvalitetar, seier Per Erik Eide Hjelle, opplæringsansvarleg i tenesta og ansvarleg for forbetringsprosjektet.
For Helse Førde har særleg fokus vore utvikling av nye medikamenteiningar som gir betre plass til oppbevaring og langt betre oversikt, noko som er viktig i akuttsituasjonar.
Andre ressurspersonar har vore Thomas Lefdal, Eid ambulansestasjon og Kim Olset, Fjaler ambulansestasjon.