Ny teknologi gjev betre kreftbehandling
Nytt utstyr gjer at kreftpasientar i Sogn og Fjordane kan få raskare og betre kreftbehandling. – Dette er eit stort steg inn i framtida, seier overlege Rune Hørgård Tilseth i medisinsk klinikk.
Det nye utstyret gjev meir presis diagnostikk. Kreftceller kan lesast på ein måte, som gjer det råd å sjå genfeil i cellene i kreftsvulstane.
- Ved hjelp av informasjonen vi får ut, kan vi betre tilpasse behandlinga for kreftpasientane, seier Tonje Bøyum Riste, sjef ved avdeling for patologi i Helse Førde.
Målretta medikament
Ved mistanke om kreft blir det teke vevsprøver. Med det nye utstyret som no er på plass ved Førde sentralsjukehus, kan patologiavdelinga granske desse prøvene for mange genetiske endringar. Når veit kva krefttype det er, er det råd å finne ut kva behandling som passar best.
Nye medikament som har komme på marknaden dei siste åra, er meir målretta mot kreftcellene. Vanleg cellegift påverkar heile kroppen. Dei nye medisinane rettar seg meir presist mot sjølve kreftcellene.
- Kreft er ikkje berre èin sjukdom. Kreft kan arte seg på mange vis. Det kjem no stadig fleire medikament som baserer seg på ulike genfeil i kreftsvulstar. Då må vi ha teknologien som gjer det mogeleg å avdekke desse genfeila. Skal vi ha nytte av dei nye og meir presise medisinane, treng vi også meir presise diagnosar, forklarar Bøyum Riste.
Tøft å vente på svar
I Helse vest har det så langt berre vore universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger som har hatt slikt utstyr og tilgang til teknologien. Prøver har blitt sende til Bergen, og dette har teke ekstra tid.
- Det er tøft for pasientar å vente på svar på prøver, ikkje minst når det er mistanke om alvorleg sjukdom. For pasientane betyr den nye teknologien at dei både kan få rett diagnose og behandling raskare enn i dag, men også at dei kan følgjast opp på ein betre måte, seier Rune Hørgård Tilseth.
Kreft er feil i gena som gjer at celler ikkje veks slik dei skal.
- Med dette nye utstyret kan vi lese gena til kreftsvulsten, og deretter finne kva behandling som passar best, seier Tonje Bøyum Riste.
Metoden for å analysere vevsprøver kjem til å bli nytta for ulike typar kreft. Den nye teknologien er spesielt viktig for pasientar med lungekreft fordi det alltid hastar med å komme i gang med behandling av spesielt denne krefttypen.