Ny poliklinikk har opna ved Førde sentralsjukehus
I den nye Skopi-urologi-operasjon poliklinikken i Livabygget, samarbeider tre veletablerte poliklinikkar om nye og topp moderne spesialiserte behandlings- og undersøkingsrom. Inngangen til poliklinikken ligg i Svanabygget, i det fråflytta arealet til apoteket.

Foto: Helse Førde
Poliklinikken har sju rom til skopi-undersøkingar, to store rom for urologi og tre operasjonsstover til kirurgiske inngrep som kan utførast i lokalbedøving. Poliklinikken vil auke kapasiteten og tilbodet på slike undersøkingar og behandlingar. Vi vonar òg at dei topp moderne fasilitetane vil gje ei betre pasientoppleving.
- Eg er stolt og glad for at vi har samla desse tenestene i ein poliklinikk. Vi trur at samlokaliseringa gjer det mogeleg å nytte både rom og personalressursar på ein god måte framover. På den måten kan vi gje dagtilbod til fleire pasientar, utan at vi treng å legge pasienten inn på sjukehuset.
- Lyse fine lokale gjer noko med trivselen til både tilsette og pasientar. Akkurat no held vi på å bu oss inn dei nye lokala, bli kjende med nye kollega og innarbeide nye arbeidsrutinar, seier avdelingssjef Kari Anne Indrebø.
Innflyttinga i poliklinikken har gått over fleire dagar. Dei første pasientane har allereie fått sitt tilbod her. Men måndag 28. oktober var det opningsmarkering med alt som høyrer med.

Foto: Helse Førde
Kvilesone – eit nytt tilbod til pasientar
Pasientane våre får tilbod om ein ny teneste ved sjukehuset. I den nye kvilesona, som ligg vegg i veg med den nye poliklinikken, får pasientane eit tilbod om å kvile og restituere seg etter behandling og undersøking. I gode kvilestolar eller i seng, med tilgang på personale og hjelp, kan pasienten skjerma for anna aktivitet bli observert etter undersøkingar og behandling og hente seg inn før heimreisa.
Observasjonspost - del av akuttmottaket
Heilt nytt er òg ein observasjonspost i tilknyting til akuttmottaket. Her tek sjukehuset i mot pasientar til observasjon for å avklare videre behandling. Det er eit nært samarbeid mellom denne posten og akuttmottaket. Her tek ein blodprøver og vurderer andre undersøkingar.
Målet er å gje ei raskare avklaring og ein diagnose. Når situasjonen er stabilisert og avklart, blir pasienten som oftast sendt heim, nokon blir lagt inn på sjukehuset eller overført til anna behandlingsinstitusjon.
I den nye observasjonsposten er det seks senger totalt fordelt på tre rom, der eit fellesrom vil ha pasientar av begge kjønn.